Vil ha ny matmesse i Stavanger

Politikarar og næringslivet i Stavanger leitar etter nye næringsvegar som skal vera eitt av beina Rogaland skal stå på etter oljefesten. No vil dei ha ei ny, internasjonal matmesse i Stavanger.

Politikarar og næringslivet i Stavanger leitar etter nye næringsvegar som skal vera eitt av beina Rogaland skal stå på etter oljefesten. No vil dei ha ei ny, internasjonal matmesse i Stavanger, med mål om å få lokale matprodusentar ut i verda - og matfolket på besøk til Stavanger.

SJÅ REPORTASJEN: Er Rogaland svoltne på meir satsing på mat?

I dag lanserte fleirtalspartia i byen ein visjon om ei stor internasjonal matmesse i Expo-hallen på Tjensvoll. Ambisjonen er ein rogalandsk variant av dei store matmessene i Berlin og Brussel, seier ordførar Christine Sagen Helgø (H).

Christine Sagen Helgø

ORDFØRAR I STAVANGER: Christine Sagen Helgø (H)

Foto: Sebastian Winum Storvik / NRK

– Mat er eit viktig satsingsområde for denne regionen. Me er matfylket Rogaland, og det ønskjer me å stadfesta med å laga ei matmesse for bransjen. Ein stad bransjen kan sjå både produkta som er herifrå, og frå resten av Noreg om det er behov for det.

Matmessa skal vera eit bransjetreff på lik linje med Grüne Woche i Tyskland – og ikkje konkurranse med dei mange matfestivalane rundt om i landet.

– Me skal ut i verda for å selja produkta våre, men me må også sørgja for at verda kjem hit, seier ordføraren.

Eit bransjetreff med internasjonal deltaking vil vera viktig – dersom mat skal vera eit av beina Rogaland skal stå på etter oljefesten. Derfor fekk Stavanger-politikarane støtte frå fleire hald, då dei i dag presenterte ideen.

Nils-Henrik Stokke

MATHALL-GRÜNDER: Nils-Henrik Stokke

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Fylket har veldig mange bra produsentar, og me har bra råvarer, men ofte kjem ikkje det fram til forbrukaren på ein klar og god måte. Veldig mange i fylket som ikkje veit kva matfat me har rundt oss, seier Mathall-gründer Nils-Henrik Stokke.

Så vil det visa seg om det store utlandet er svoltne på meir enn berre olje, som dei blir serverte i dag.