Hopp til innhold

SMS i norsktimane til andreklassingar

Grøne Bråden skule i Eigersund ønskjer nå å få normert norsk inn i barnas digitale kvardag, ved å bruka mobiltelefon i norsktimane. Dei får støtte hos ekspert i digital tekstkultur.

Mobilbruk på skulen

Stine Søsether Refsland går i andre klasse og har mobiltelefon, tekstmeldingane skriv ho på bokmål.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Olav Nygård

Olav Nygård ved Universitetet i Stavanger skriv doktoravhandling om digital tekstkultur. Han meiner at det er bra at barn tidleg byrjar å skrive på mobil og datamaskin.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Omlag halvparten av norske andreklassingar har i dag mobiltelefon. Dette er ein av grunnane til at barneskulen i Eigersund ønskjer å setja i gang med å bruka telefonen aktivt i norsktimane:

– Me ser ofte på eldre elevar at sms-språket snik seg inn i det dei skriv på skulen, med å ta tak i mobilspråket tidleg kan me kanskje unngå dette, seier Janne Nedrebø som er lærar på Grøne Bråden skule i Eigersund.

– Har noko føre seg

Ein av elevane hennar heiter, Stine Søsether Refsland, ho har mobil og er alt i gang med tekstinga:

– Eg skriv slik dei snakkar i Oslo, og som me lærar på skulen. Det er vanskelegare å skriva slik me snakkar, seier andreklassingen.

Og universitetslektor, Olav Nygård, ved lesesenteret på Universitetet i Stavanger trur absolutt det har noko føre seg å læra barn å skriva normert på mobilane sine:

–Eg har sjølv med mine eigne ungar sagt at dei skal skriva normalisert når dei skriv til meg, seier Nygård, som for tida skriv ei doktoravhandling om digital tekstkultur.

SMS

Fleire slarvar med språket når dei sender sms.

Foto: Bjørn Grimen / NRK

– SMS språk blir gruppeprega

Likevel trur han at dialektspråket som ofte er gangs i tekstmeldingar fort kan ta over, sjølv om ein har lært seg til med normert skriving.

– Sms-språket blir veldig fort gruppeprega, seier han.

Men han meiner at det er svært viktig å gi barn ei tidleg innføring i digital tekstkultur ved å la dei få skriva på både datamaskin og mobiltelefonar.

Janne Nedrebø håper at elevane hennar i andre klasse snart kan bruka mobiltelefonar aktivt i undervisinga, noko ho trur vil føra til at barna kjem styrka ut frå skulen.

– Dersom ein vennar seg til med mykje dialekt i sms-språket vil det vera vanskelegare for folk å forstå kvarandre når ein til dømes sender sms til nokon i Oslo, seier Nedrebø.

Flere nyheter fra Rogaland