Hopp til innhold

Vil ha meir rom for bilen i sentrum

Fleksibiliteten skal bli betre for bilistane i Stavanger sentrum. Det er ein del av oppskrifta for å få vekst i sentrum att, meiner næringslivet.

.

SJÅ TV-REPORTASJEN: For å gjera ofte folketomme Stavanger sentrum til eit yrande bybilete, vil næringslivet gjera det lettare å ta bilen til småærend i byen.

Stavanger sentrum har ikkje hatt nokon som helst vekst dei siste 15 åra. Like mange som dreg til sentrum i dag som i 1998. Folk har i staden for å handla i sentrum, tatt bilen til kjøpesentera utanfor byen.

Men med fleire arbeidsplassar, handel og opplevingar vil næringslivet få fleire besøkjande tilbake til sentrum – og dei vil helst at det er bilen som skal vera framkomstmiddelet for å koma seg dit.

– Parkering skal skapa levande byar

Næringsforeningen i Stavanger-regionen løfta i dag litt på loket for den nye sentrumsplanen for Stavanger, og dei la vekt på at dei vil ha meir fleksibilitet for bilistane i sentrum. Inspirasjonen er henta frå andre europeiske byar.

Julie Holck

PARKERING SKAL VERA MORO: Det meiner Julie Holck i Living Cities.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Eg tykkjer det er interessant at ein tenkjer på parkering som meir enn berre parkering. Parkering skal vera eit verktøy for å skapa levande byar, ja, parkering skal vera «show», seier Julie Holck i Living Cities Danmark.

Ho hadde tatt turen frå Danmark for å snakka om korleis skapa eit levande Stavanger.

Før jul la ei rekkje arkitektar fram sine planar for korleis dei ser føre seg Stavanger sentrum i framtida. Korleis dei ser føre seg sentrum kan du lesa om her.

Effektive inn- og utfartar

Cecilie Christ, dagleg leiar i Stavanger Sentrum AS, trur nøkkelen er at det må vera lettare å koma seg inn og ut av sentrum med bil – og at ein må føla eg står midt i sentrum i det ein trør ut av bilen.

– Eg trur at me må sørgja for effektive inn- og utfartar til sentrum, ein skal koma seg fort inn og ut. Me har god dekningsgrad av parkeringsplassar, så eg trur ikkje me treng å byggja fleire parkeringsanlegg, men heller optimalisering av dei plassane me har.

For berre tre år sidan var den politiske stemninga heilt annleis. Då fjerna politikarane 65 korttidsplassar for bilen til fordel for ein leikeplass og gratisbussen «Nullen». Begge deler vart ein fiasko. No skal byen i staden ta etter kjøpesentera.

– Kjøpesentera er kjende for at det alltid er parkeringsplassar der. Ein skal også koma seg til byen på same måte, og ein skal ha same komfort, seier Julie Holck.

– Må byggja tettare

Den nye byen skal ha fleire bustader og arbeidsplassar – og ikkje minst større variasjon. Det skal helst skje noko nytt for kvar sjette meter.

– Me skal byggja ein kompakt by. Me må byggja tettare. Dei nye areala må såpass tett opp til det me kallar mellomalderstrukturen, at det betyr at folk brukar gatene, og at det derfor vil vera mogleg å driva butikkar, seier Kristin Gustavsen, prosjektleiar, Stavanger sentrumsplan

– Med bil?

– Bilen skal vera med, og so skal me få plassert den på rett stad, seier ho.