Hopp til innhold

Innvandrarar får kritikk for etnisitet-baserte fotballklubbar

I Stavanger har det den siste tida dukka opp fleire fotballag, som baserar seg på etnisitet. Nå vil dei etablerte klubbane motarbeida dette. Somalia-klubben Titan FK ønskjer på si side å utvida til barn- og juniorlag.

Abdi, Arian og Mostafa

Somaliske Abdi Samed Warsame (t.v.) står bak Stavanger-klubben Titan FK, som hovudsakleg er eit somalsk seniorlag. Adrian Darwish (i midten) spelar på norske Hinna, medan faren hans, Mostafa Darwish, står bak den kurdiske klubben Paradis FK i Stavanger.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Øyvind Jacobsen

Øyvind Jacobsen i Brodd IL er svært kritisk til dei nye Stavanger-klubbane som har dukka opp dei siste åra.

Foto: Brodd IL

Øvre Steinar Fotballklubb, Titan FK og Paradis FK er alle klubbar som med bakgrunn i etnisitet har blitt starta opp i Stavanger den siste tida. Klubbane dukkar opp i bydelar der det bur fleire med ikkje-vestleg bakgrunn.

Ei utvikling dei etablerte idrettslaga finn faretrugande:

– Nå har du eit kurdisk lag, eit tyrkisk lag og eit somalisk lag. Som samfunn meiner eg at dette er noko me må jobba mot, seier Øyvind Jacobsen frå Stavanger-idrettslaget Brodd, som blei stifta i 1913.

Han meiner at idrettslaga og fotballklubbane må vera opne, inkluderande og samlande, og at dei nye klubbane utfordrar dette.

350.000 kroner frå kommunen

Derfor har klubben hans stått i bresjen for at kommunen skal oppretta ei stilling som motarbeidar dette. Eit ønskje som nå ser ut til å bli innfridd.

Bjarne Kvadsheim

Bjarne Kvadsheim (Sp) får torsdag med seg fleirtalet i kommunalstyret for kultur og idrett i Stavanger, til å oppretta ei ny stilling, som skal jobba med å intigrera innvandrarar gjennom idrett.

Foto: NRK Rogaland

– Me ønskjer å gje 350.000 kroner til ei stilling som vil jobba med å få innvandrarungdommen inn i idrettslaga. Stillinga vil bli oppretta frå hausten av, seier Sp-politikar Bjarne Kvadsheim, som er nestleiar for kommunalstyret for kultur og idrett.

Dette blir ei stilling, som idrettslaga må søka om å få. Og det vil berre vera ein klubb som endar opp med stillinga.

– Det er viktig for å integrera ungdommane så tidleg som mogleg. Dette vil bidra til at dei kan forstå korleis det norske samfunnet fungerar, og for at dei norske ungdommane i større grad skal forstå korleis dei utanlandske ungdommane tenker.

– Alle er velkomne til Titan FK

Folka som står bak dei utenlandske klubbane meiner sjølv at det er mange grunnar til å opna eigne klubbar. Og at det ikkje er negativt for integreringa.

Ein av desse, Abdi Samed Warsame, fann i 2009 ut at han ville organisera dei uformelle treningane han var med på, saman med sine somaliske kompisar.

– Folk frå utlandet har ikkje like lett for å setja seg inn i det eksisterande systemet. Derfor kan det vera greit at det finst ein klubb frå landet du kjem frå.

Resultatet blei Titan FK, som hovudsakleg er eit somalisk seniorlag, det betyr likevel ikkje at du må vera somalier for å bli med.

– Dette er for alle som vil spela fotball, og kanskje litt annleis fotball enn den kjedelige norske. Folk frå alle land, og med alle typar religion, er velkomne, seier Warsame.

For Titan Titan har mottakinga så langt vore så god at klubben har laga nye og ambisiøse planar.

– Fleire har meldt interesse, derfor vurderar me å oppretta lag for barn og junior også, seier Warsame.

– Bra tiltak av Stavanger

Henrik Lunde er fagansvarleg for inkludering i Norges Fotballforbund. Han seier at denne type klubbar ikkje er vanleg i landet generelt, men at det finst fleire av dei i byane.

Han ser ikkje problem i at venar går saman, og lagar ein fotballklubb, men er meir kritisk til ei utviding der barn også blir inkluderte:

– Me har alltid hatt eit ønskje om at barn skal spela saman med andre barn der i nærmiljøet dei bur. Det vil vera uheldig om dei heller blir samla i spesialklubbar, seier Lunde.

Han meiner det er ein fordel om barn derfor går i dei etablerte klubbane, og er glad for tiltaket til Stavanger.

– Eg veit at dei har gjort noko liknande i Bergen, og dette er kjempeflott både for barna og for integreringa.

Ja takk, begge deler

Ved internasjonalt hus i Stavanger er dei både positive til dei utanlandske klubbane, og til den nye stillinga i Stavanger kommune:

– Me trur likevel at det er viktig å anerkjenna innvandrargruppene sine eigne organisasjonar. Mykje av det lokale integreringsarbeidet skjer med at innvandrarar, som har vore her ei stund, får med seg dei som nett har kome, og slusar dei inn i det norske samfunnet på den måten, seier Petter Gilsvik ved Internasjonalt hus i Stavanger.

Mostafa Darwish, som nyleg var med å starta Paradis FK, eit kurdisk fotballag for vaksne, har sonen sin i den norske klubben Hinna. Han meiner likevel det er viktig med eit alternativ:

– Mange av dei som kjem kan så lite om det norske systemet at dei ikkje veit kor dei skal gå. Det er naturleg at du ei stund går saman med dei som har same kultur og same språk.