Hopp til innhold

To av dei sikta nektar straffskuld

To av dei sikta nektar straffskuld, ein seier «ingen kommentar» og ein ikkje har tatt stilling til skuldspørsmålet.

Andre fengslingsmøte i Tina-saka

Det andre fengslingsmøtet i Tina-saka er i gang.

Foto: Simon Solheim / NRK

Fengslingsmøtet for 36-åringen som vart sikta som andre mann i saka er no i gang, bak lukka dører.

Advokatfullmektig Kjetil Mareno Larsen møtte på vegne av mannens forsvarer Trond Wåland. Han hadde ingen kommentar til pressa på veg inn i tingretten.

Arild Holden

Arild Holden forsvarar 36-åringen som blei sikta som tredjemann.

Foto: Olav Døvik / NRK
Morten Stenheim

Morten Stenheim forsvarar 38-åringen som blei sist sikta.

Foto: Magnus Stokka / NRK

To nektar straffskuld

To av dei sikta vart framstilt for fengsling klokka 12.

– Dette har han ikkje gjort. Han er uskuldig, seier Arild Holden, som forsvarer 36-åringen som var den tredje som blei sikta for drapet på Tina Jørgensen i år 2000.

Det første fengslingsmøtet gjekk klokka ti. Klokka tolv gjekk fengslingsmøta til 36-åringen og 38-åringen, som var dei siste som blei sikta. Klokka 13 skal det siste fengslingsmøte bli arrangert i Stavanger tingrett.

Thomas Randby er forsvarar til den eine 36-åringen, men han nådde ikkje fram til tingretten tidsnok, dermed steppa Arild Holden inn.

– Klient min har ikkje vore inne til avhøyr. Han samtykker ikkje til fengsling og han har det ikkje bra. Han er sjuk, og det er ikkje ansvarleg å sette ham i isolasjon, seier Holden.

Han seier også at mannen nektar for å ha vore involvert i drapet på Tina Jørgensen for 15 år sidan. Det gjør også 38-åringen, som også blir framstilt for varetektsfengsling no.

– Han er sikta for eit alvorleg lovbrot. Det er ei stor påkjenning, og han har det ikkje bra, seier Morten Stenheim, som steppa inn for 38-åringens forsvarer, Olav Sylte, som er på veg til Stavanger.

Det er ikkje kjent korleis dei resterande to stiller seg til siktinga.

Første sikta var først i retten

Alle fire mennene som er sikta i drapssaka på Tina Jørgensen blir i dag framstilt for varetektsfengsling i Stavanger tingrett. Først ut var 36-åringen som blei teken og sikta onsdag føremiddag.

– Han møtte ikkje opp i retten sjølv på grunn av mediepresset, seier Odd Rune Torstrup til NRK.

Fengslingsmøtet gjekk for lukka dører.

– Han har verken sagt ja eller nei til skuldspørsmålet. Eg vil ikkje sei noko om korleis han har det, det blir for privat, seier Torstrup.

To veker i full isolasjon

Herdis Traa

Politiadvokat Herdis Traa etter fengslingsmøtet for den første sikta.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Politiet bad om fire veker der to er med full isolasjon på grunn av fare for at prov kan gå tapt, seier Odd Rune Torstrup til NRK.

Det vil sei at han får medieforbod og besøksforbod.

Nå er fengslingsmøtet over, men rettsavgjerda er ikkje klar.

Han var den første som blei sikta i saka, og etter han var inne til avhøyr arresterte politiet tre nye personar i saka.

– Det var forventa at dei andre ville bli tekne. Dette er ei god utvikling for saka, seier Torstrup til NRK.

Nye fengslingsmøte i ettermiddag

Det er framleis berre to som er avhøyrt i saka. Ein av desse er 36-åringen frå Lyngdal, som blei teken i 18-tida i går kveld. Han har fått ny forsvarar.

– Eg er på veg til Stavanger nå, og har framleis ikkje fått snakka med klienten min. Han er heller ikkje avhøyrt endå, seier forsvarar Thomas Randby til NRK.

Den siste som blei teken var ein 38-åring, som blir forsvart av Olav Sylte. Han nektar straffskuld opplyser forsvararen.

Saka blir oppdatert ...