Helene Høie er redd for sine fem kattar i Haugesund.
Foto: Thomas Halleland / NRKDet er nå om lag ein månad sidan fire kattar blei drepne på bestialsk vis i nordre bydel i Haugesund.
Saka om at fleire av kattane blei hengde opp i tre, vekte harme i heile landet, og dyrevernarar lova ut dusør på 10.000 kroner til dei som kunne hjelpa til med å klara opp saka.
- Les òg:
- Les òg:
- Les òg:
Sjølv om politiet seier dei tar saka på høgste alvor har framleis ingen blitt tekne for ugjerninga.
– Me samordnar nå tipsa i alle kattedrap-sakene, men er også interesserte i fleire tips. Me ønsker sjølvsagt så snart som råd å få fatt i den eller dei som driv med dette, seier politibetjent Andreas Røssland.
Redd for å sleppa ut kattane sine
Åtte år gamle Helene Høie er redd når ho må sleppa kattane sine ut om natta. Ho og mora Mona Høie har fem kattar, og bur i området der det har skjedd fleire kattedrap i vår.
– Eg er mest redd om natta, for det er då det har skjedd, seier Helene.
Mona deler dottera si bekymring.
– Det er heilt grufullt at folk kan ta livet av forsvarslause dyr. Dei liker seg best ute om natta, då må dei få lov til å gå i fred, seier ho.
Framleis heng plakatane om dusør på 10.000 kroner oppe. Mona Høie er engasjert i Dyrebeskyttelsen, og håper nokon blir tatt.
– Eg håper for alle sin del at gjerningspersonane blir tekne. Då kan me sleppa ut kattane utan å vera urolege for at dei skal vera der dagen etter.
Dusør-plakatane heng framleis oppe i Haugesund.
Foto: Thomas Halleland / NRK