NRK Meny

Vil ha fleire med minoritetsspråk

Stavanger, Sandnes, Haugesund og Hå kommune er blant 22 kommunar her i landet som kan søke om ekstra tilskot for å få fleire barn med minoritetsspråk til å gå i barnehage. Statistikken viser at det er fleire barn med minoritetsspråk som ikkje går i barnehage enn barn med norsk som morsmål. Av kommunane i Rogaland er det flest i Hå der 33 % ikkje går i barnehagen.