– Etter vår oppfatning bør tunnelar og undersjøiske tunnelar vurderast spesielt fordi det ikkje er enkelt å måla fart på andre måtar, seier leiar av transportkomiteen på Stortinget, Helge Orten frå regjeringspartiet Høgre.
I Granavolden-erklæringa fekk Framstegspartiet gjennom å avgrensa bruken av gjennomsnittsmåling av fart, altså fotoboksar som måler snittfarten mellom to punkt.
Solberg-regjeringa ville heller vurdera tiltak dersom det skjer alvorlege ulukker.
Dette trass i at undersøkingar frå Transportøkonomisk institutt viser at tal på drepne og hardt skadde blir halvert der det er snittmåling.
– Større sjanse etter Frp-exit
Når Frp nå er ute av regjering, og ikkje lenger har samferdsleministeren, meiner fleire det er større sjansar for automatisk fartsmåling.
Eit aktuelt prosjekt er verdas lengste undersjøiske vegtunnel som opna 30. desember i fjor, Ryfylketunnelen mellom Hundvåg i Stavanger og Solbakk i Ryfylke.
Den er ein del av Ryfast-prosjektet som opnar i mars.
– Det er større sjanse for gjennomsnittsmåling av fart i Ryfast. Det har vore heilt umogleg med statsråden me har hatt nå, meiner medlem av transportkomiteen på Stortinget, Øystein Langholm Hansen (Ap).
Fylkesmannen i Rogaland er blant dei som har kravd automatisk fartsmåling i Ryfast for å hindra ulukker. Også fylkespolitikarane i Rogaland har protestert.
– Med Frp ute av regjering vil det vera større sjansar for å få på plass nødvendig trafikksikring. Me ønsker tiltaka på plass før ulukka skjer, seier fylkesvaraordførar i Rogaland, Arne Bergsvåg (Sp).
Nye retningslinjer
For Frp har omsynet til personvernet vore kronargumentet for å droppa fotoboksane som måler snittfart.
– Det som gjer meg skeptisk til fotoboksar, og spesielt strekningsmåling, er at ein legg til rette for ei potensiell massiv overvaking av bilistar i Norge, har medlem av samferdsleutvalet i Rogaland, Mats Danielsen (Frp), sagt til NRK.
Orten frå Høgre svarer slik på spørsmål om dei ikkje lenger er bundne av regjeringsplattforma, slik Erna Solberg fleire gonger har stadfesta.
– I utgangspunktet held me oss til Granavolden-plattforma, men samtidig blir det nå jobba med retningslinjene for strekningsmåling og punktvis fartsmåling. For vår del trur eg tunnelar bør prioriterast opp.
I dei nye retningslinjene Vegdirektoratet har føreslått kan det bli opna for strekningsmåling også når farten er målt for høg for ein viss mengde bilistar.
– Det vil vera lettare å få på plass nødvendig trafikkovervaking med endra kriterium. Derfor kan det vera ei god løysing, meiner fylkesvaraordførar Bergsvåg.
Samferdsledepartementet har ikkje svart på NRK sine spørsmål om status for dei nye retningslinjene.