NRK Meny
Normal

Vil ha eigen ulykkeskommisjon for fritidsbåtar

Talet på omkomne i fritidsbåtulykker auka kraftig i fjor. Kongelig Norsk Båtforbund trur ein eigen ulykkeskommisjon kan få ned talet på ulykker.

Skadet fritidsbåt

Talet på fritidsbåtulykker auka kraftig i fjor. Kongelig Norsk Båtforbund trur ein eigen ulykkeskommisjon kan få ned talet.

Foto: IF skadeforsikring

– Det å få veta kvifor ulykker skjer, er veldig viktig for å kunne sette i verk dei riktige tiltaka, seier konstituert generalsekretær i Kongelig Norsk Båtforbund, Endre Solvang.

Han meiner det bør opprettes ein egen ulykkeskommisjon for å få ned talet på dødsulykker frå fritidsbåtar.

Endre Solvang

Endre Solvang i Kongelig Norsk Bårforbund tror en egen ulykkeskommisjon kan få ned talet på ulykker.

Foto: Privat

I fjor mista 37 menneske livet i fritidsbåtulykker, og det var ni fleire enn året før.

– Ein slik kommisjon vil kunne gå inn og etterforske slike ulykker meir grundig, seier Solvang.

Positiv til forslaget

Stortingsrepresentant Magne Rommetveit frå Arbeidarpartiet, liker ikkje utviklinga i talet på ulykker, og er positiv til forslaget om ein eigen ulykkeskommisjon for fritidsbåter.

– Me føreslo at dette er noko som godt kunne ha blitt koordinert gjennom

Magne Rommetveit

Stortingsrepresentant Magne Rommetveit er positiv til forslaget.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Sjøfartsdirektoratet som kontrollmyndigheit. Men samstundes så må kystverket, redningsselskapet, hovudredningssentralen og andre båtforeninger også spela ei rolle. Ein må gå saman fleire for å få til eit løft på dette, seier Rommetveit.

Stiger kan redde liv

På Sjøfartdirektoratets fritidsbåtkonferanse i Haugesund i dag kom det fram at flesteparten av dødsulykkene skjer i nærleiken av land eller bryggeanlegg.

Fleire redningsstiger kan derfor vera med på å redda fleire liv.

– For oss er det viktigaste å bidra til sjøtryggleik. Og redningsleidere er eit viktig tiltak, kanskje det aller viktigaste, avsluttar Solvang.