Hopp til innhold

Vil ha avgift på Preikestol-løypa

Dersom ordføraren i Forsand kommune får viljen sin, så vil det kosta pengar å gå til Preikestolen i framtida. Forslaget får blanda mottaking i løypa.

Vil ta betalt fra dem som går til Preikestolen

PREIKESTOLTUREN: Her i Strand kommune startar den litt meir enn fire kilometer lange turen inn til Preikestolen i Forsand.

Preikestolen

UTKIKKSPUNKT: Både CNN Go og Lonely Planet har kåra Preikestolen i Rogaland til eit av verdas mest spektakulære utkikkspunkt.

Foto: Olaf Erlend Gundersen / NRK

– I Canada måtte me nok ha betalt for denne turen her, men eg elskar det at Norge held naturen gratis for alle, seier David Ambrose frå Canada. Han legg til at om det likevel hadde kosta pengar å gå til Preikestolen i Ryfylke, så hadde han betalt.

Ambrose er ein av om lag 300.000 turistar som i år har teke turen til Preikestolen, noko som gjer at 2016 blir nok eit rekordår for den verdskjend turistattraksjonen.

Det betyr meir slitasje på stien og fleire redningsaksjonar, og det er grunnen til at ordførar i vertskommunen Forsand, Bjarte Sveinsvoll Dagestad, nå ønsker å få til ei avgift på Preiklestol-løypa.

– Me ønsker at løypeavgifta skal gå til eit fond som skal skapa ei berekraftig finansiell utvikling og tilrettelegging av stien, redningsaksjonar og liknande ting. Nedover i Europa er dette heilt vanleg, seier han.

– Naturen skal vera gratis

Det var på eit møte arrangert av Stiftinga Preikestolen denne veka at ideen kom fram. Dei ønsker meir pengar inn til mellom anna ei beredskapshytte på vegen, som kan vera viktig i samanheng med redningsarbeid.

Styreleiar i Stiftinga Preikestolen, Leif Magne Kleppa, er likevel usikker på om ei avgift for å gå til Preikestolen er den beste måten å få inn pengar på.

– Me må nok gå mange rundar før me kan innføra ei avgift for å gå i naturen, eg seier likevel ikkje at det er umogleg å få det til. Akkurat nå må me likevel finna andre måtar å løysa dei økonomiske utfordringar på, seier Kleppa.

Turistane NRK snakka med i Preikestol-løypa var delte i meiningane sine.

– Eg ville ikkje ha betalt, naturen skal vera gratis for alle, seier Arturo Cuesta frå Spania.

Medan amerikanske Jeff Wickins er meir positiv.

– Viss det hjelper til med å halda stien i stand, så gjerne det, seier Wickins.

Slaktar ideen

Ein som går forslaget rett i strupa er sorenskrivar Helge Bjørnestad, som har vore mangårig leiar av Turistforeninga i Stavanger.

– Det er ein elendig idé å leggja avgift på den frie ferdselen i naturen. Dessutan trur eg ikkje det er heimel for det i lova med tanke på allemannsretten, seier Bjørnestad til NRK.

Han meiner likevel at det er viktig at Norsk Folkehjelp og Stiftinga preikestolen får inn pengane dei treng for å driva redningsarbeid og halda ved like stien på ein best mogleg måte.

– Eg har stor respekt for den jobben dei gjer dag og natt, for det er eit blodslit. Likevel meiner eg at pengane bør koma inn gjennom avgift på parkering, toalett og kioskar. Resten bør staten ta, seier han.