Vil at fylket skal ha ansvar for jernbanen

Dersom dei tre fylkeskommunane på Vestlandet skal slå seg saman til ein region, krev dei å få ansvar for fleire tunge samfunnsoppgåver.

Tog, Jærbanen

HEILSKAPLEG KOLLEKTIVTILBOD: Dersom fylkeskommunen også får ansvar for jernbanen, meiner fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, at det vil vera lettare å gi eit heilskapleg kollektivtilbod.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Solveig Ege Tengesdal

STRENGE KRAV: Solveig Ege Tengesdal (KrF) er fylkesordførar i Rogaland.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me ønsker å få fram at når ein tenker større regionar så betyr også det å overføra viktige oppgåver frå statleg nivå og ut til regionane, seier Solveig Ege Tengesdal (KrF), som er fylkesordførar i Rogaland.

Ei liste med oppgåver

I eit brev ho har skrive saman med fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland og Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane, listar dei opp konkrete oppgåver som bør overførast frå staten til det nye regionale nivået.

Brevet er sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Solveig Ege Tengesdal har tidlegare uttalt seg kritisk om konkurranseutsetjinga av togdrifta på jernbanen, og noko av det viktigaste kravet dei stiller i ein Vestlands-region er at fylkeskommunen tar over jernbanen.

– Kjøp av regionale jernbanetenester er noko av det me er mest opptekne av å få hand om akkurat nå. For det handlar om å ha ei totalløysing på kollektivtilbodet i ein region, seier Ege Tengesdal.

I dag er det berre buss- og båttilbodet som ligg hos fylkeskommunen.

– Vesentleg vilkår

Lista med oppgåver er ikkje absolutt, men likevel viktig, ifølgje Tengesdal.

– Me seier at dette er ein vesentleg vilkår om me skal tenka større regionar. Me har viktige oppgåver i dag, men dette handlar på mange måtar å vidareutvikla dette, seier ho.

I brevet til departementet orienterer også fylkesordførarane om drøftingane rundt samarbeidet så langt. Dei tre fylkesordførarane meiner det pågåande arbeidet er ei demokratiserings- og desentraliseringsreform.

Har også dialog med Vest-Agder

1. april legg statsråd Jan Tore Sanner fram stortingsmeldinga knytt til regionalt folkevalt nivå og fordeling av oppgåver. Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet arbeider vidare med å få fram ein intensjonsavtale om Vestlands-region. Den skal vere ferdig til 1. juli i år.

– Rogaland fylkeskommune er og i god kontakt også dialog med Vest-Agder fylkeskommune, seier Ege Tengesdal.

Stortinget skal ta endeleg stilling til nye regionar og kommunesamanslåingar i vårsesjonen neste år.