Hopp til innhold

Vil gjera studentkort sonefrie

Venstre-leiaren i Rogaland meiner studentkort er unødvendig komplisert og dyrt i fylket vårt. I dag må studentar med lang reiseveg med bussen punga ut med langt meir enn dei med kort veg.

Buss

Kjartan Alexander Lunde i Venstre vil at fleire studentar skal velja bussen og vil derfor rydda opp i sonesystemet for studentkort.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– I dag er det altfor mange soner. Det gjer busstilbodet unødvendig komplisert, og gjer det vanskeleg for studentane å velja bussen, seier leiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde.

I dag må studentar som vel kollektivt i fylket betala for månadskortet etter kor mange soner det blir køyrt i. Totalt er det 136 bussoner i Rogaland.

Store forskjellar

Held du deg innanfor berre ei sone må du betala 405 kroner, mens du må ut med 685 kroner for å køyra kollektivt i fem soner. Treng du fleire soner blir det endå dyrare.

Fylkesleiar i Rogaland Venstre, Kjartan Aleksander Lunde

Fylkesleiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Skal du for eksempel frå Stavanger sentrum til Sandnes sentrum treng du ein billett som er gyldig i tre soner.

– Studentkortet bør bli sonefritt eller så må sonene bli gjort mykje større. Dette for å gjera det enklare for studentar å reisa med buss. I dag fryktar eg sonesystemet gjer at studentar vel vekk bussen, seier Lunde.

Blir avgjort i fylkestinget

– Men kan det ikkje vera logisk at dei som reiser lengst betalar meir for månadskort enn dei som reiser over kortare avstandar?

– Me i Venstre ønsker at det skal vera enkelt og billeg for alle å ta bussen. Då treng me å forbetra sonesystemet og ha eit rimeleg tilbod for alle, meiner Lunde.

Styret i Kolumbus har alt vedtatt at pris- og sonestrukturen bør bli forenkla. Kollektivselskapet meiner mellom anna at talet på soner bør reduserast frå 136 til fem.

Då takst- og sonesystemet var oppe til behandling i fylkestinget 9. juni stilte eit fleirtal av politikarane seg positive til forslaget om kraftig reduksjon i talet på soner.

Samtidig blir det peika på at det er viktig å få full oversikt over moglege økonomiske konsekvensar av ei slik endring. Kolumbus har bestilt ein kvalitetsrapport frå Norconsult for å finna ut av dette.

Dette skal fylkestinget ta stilling til 20. oktober.