Hopp til innhold

– Tida er overmoden for eit heilkommunalt barnevern

Lege og kommunepolitikar i Stavanger, Kåre Reiten (H), meiner det er på tide at kommunane får heile ansvaret for barnevernet.

Kåre Reiten
Foto: Anders Fehn / NRK

Reiten er lege og sit i kommunalstyret for levekår Stavanger kommune for partiet Høgre.

Tidlegare i dag stoppa barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) dei planlagde kutta som Bufetat region vest (Barne-, ungdoms- og familieetaten) hadde tenkt å gjera med institusjonsplassar for småbarnsfamiliar.

Bufetat region Vest (Barne-, ungdoms- og familieetaten) hadde bestemt seg for å kutta i tilbodet til dei aller yngste borna. Region vest dekker dei tre fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Over halvparten av dei 18 institusjonsplassane for småbarnsfamiliar skulle vekk, i Stavanger hadde dette betydd at tilbodet forsvann heilt. Alt som eit resultat av at etaten må spara 180 millionar kroner neste år.

– Mykje søl med mange kokkar

Barne- og familiesenter
Foto: Arild Eskeland / NRK

– Løysinga er heilt klart at me ikkje skal ha to nivå. Løysinga er at kommunane får styra barnevernet sjølv, seier Reiten.

Slik det er i dag har både staten og kommunane eit ansvar i barnevernet (sjå faktaboksar). Men Reiten meiner det er på høg tid at staten let kommunane få alt ansvaret.

– Dess fleire kokkar, dess meir søl, for å seia det slik. Her legg den statlege delen plutseleg ned noko me tykkjer er viktig, nærmast utan at dei veit om det. Eg er overbevist om at dei større kommunane med mest kompetanse skal overta det heile og fulle ansvaret, seier Reiten.

– Dei er garantert i stand til å ta dette ansvaret, men sjølvsagt er det slik at når ein overtek ansvar, så må ressursane følgja med.

– Men kva med dei små kommunane?

– Då må ein byrja å snakka om både interkommunalt samarbeid, men også om kommunesamanslåing. Kvitsøy kommune har allereie ei avtale med Stavanger om at me administrerer barnevernet der. Ikkje alle små kommunar klarer å ha den kompetansen som er naudsynt, seier Reiten.

– Bufetat sikrar kvaliteten

Connie E. Ørstavik

KVALITET ER VIKTIGAST: Connie E. Ørstavik, fagkonsulent i Bufetat og tillitsvald i FO.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Connie E. Ørstavik, fagkonsulent i Bufetat og tillitsvald i FO, meiner det kan bli ei utfordring for dei små kommunane, dersom det blir eit heil-kommunalt ansvar.

– Sjølv om Horne har sagt at dette er noko kommunane bør ha ansvar for, så kan det ha uheldige konsekvensar for små kommunar. Ministeren må greia ut eit eventuelt interkommunalt samarbeid.

– Ungane må få eit like godt tilbod uansett om dei bur i stor eller liten kommune. Bufetat sikrar dette, seier ho.

Men lege og kommunepolitikar Reiten er sikker på at fullt kommunalt ansvar er ei løysing som vil gjera ting betre.

– Jo færre som har ansvaret, jo betre er det, seier han.

– Eg er rimeleg sikker på at når Solveig Horne får tenkt seg om og greia ut dette, så gjer ho det me har meint heile tida. Dette bør ikkje ta noko lang tid, tida er overmoden for dette no.