Hopp til innhold

Vil at karakterane skal få ulik verdi

Skal du bli kokk, skal karakteren frå mat og helsefag i ungdomsskulen bety meir enn samfunnsfagkarakteren. Det meiner Frp i Rogaland.

Kokke-VM i Stavanger

Handverksfaga i ungdomsskulen skal bety meir enn dei teoretiske faga, dersom du skal bli kokk, meiner Frp i Rogaland. Bildet er tatt i samband med kokke-VM i Stavanger i 2014.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Vallogo

– La oss seie at du ønskjer å bli kokk, og at du har bestemt deg for det alt i åttande klasse. Då er det ein sjanse for at du nedprioriterer nokre av faga på ungdomsskulen som ikkje har særleg med kokkeutdanninga å gjera, seier Mats Danielsen (Frp).

Mats Danielsen, ungdomskandidat for Frp i Rogaland til fylkestinget

Mats Danielsen er ungdomskandidat for Frp i Rogaland til fylkestingsvalet

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Men det er truleg at mat og helsefag-karakteren frå ungdomsskulen er ganske god. Det sikrar at eleven kjem inn på det yrkesfaget vedkommande er motivert for, legg han til.

Frp sin ungdomskandidat til fylkestinget i Rogaland, Mats Danielsen, har sett seg lei på at alle karakterar frå ungdomsskulen tel like mykje for å koma inn på vidaregåande skule. Han vil ha eit prøveprosjekt i den vidaregåande skulen i Rogaland, der systemet blir endra.

Det blir ikkje bra dersom fag eleven har nedprioritert gjennom åttande og niande klasse, viser seg å vera heilt sentrale i det nye yrkesvalet som eleven tar i tiande klasse.

Kjartan Alexander Lunde (V)

Gjekk på ein smell

Danielsen har sjølv opplevd det han nå vil gjera ei endring på. Han visste kva han ville bli, og han brydde seg ikkje så mykje om ein del av dei andre faga på ungdomsskulen.

– Det straffa seg litt for meg då det kom til inntaket på vidaregåande. I første omgang kom eg ikkje inn på IT og Servicelinja, fortel han.

Karakteren i sjølve IT-faget var han godt nøgd med, men fordi han hadde nedprioritert fleire andre fag, hjelpte det ikkje til å få plass der han ville.

Uoversiktleg system

Kjartan Alexander Lunde er tredjekandidat til fylkestinget frå partiet Venstre i Rogaland. Han har ikkje tru på forslaget til Frp.

– Den ordninga me har i dag, er oversiktleg, og den sikrar også at alle elevar må jobbe med alle fag. Systemet er ein garanti mot at elevar bevisst nedprioriterer visse fag, seier Lunde.

Kjartan Alexander Lunde, 3. kandidat til fylkestinget i Rogaland for partiet Venstre

Tredjekandidat til fylkestinget i Rogaland for partiet Venstre, Kjartan Alexander Lunde, er ikkje begeistra for forslaget til Frp.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han peikar også på at mange elevar endrar meining om yrkesval i løpet av ungdomsskulen.

– Det blir ikkje bra dersom fag eleven har nedprioritert gjennom åttande og niande klasse, viser seg å vera heilt sentrale i det nye yrkesvalet som eleven tar i tiande klasse, seier han.

Meir motiverte elevar

Den vidaregåande skulen, spesielt i yrkesfag, slit med at mange elevar aldri gjennomfører skuleløpet. Danielsen meiner at dette vil betre seg dersom dei mest sentrale karakterane for yrkesvalet, får høgare verdi.

– Me vil få fleire motiverte elevar, og elevar med motivasjon hoppar ikkje så lett av studia, seier Danielsen.