Vil gi alle unge arbeidsledige rett til å fullføra den vidaregåande skulen

– Det er ikkje stivbeinte reglar som skal hindre at yngre arbeidslause kan gjera seg ferdige med den vidaregåande skule, seier fylkesvaraordførar Marianne Chesak.

Marianne Chesak

FYLKESVARAORDFØRAR: Marianne Chesak (Ap) meiner det er viktig å strekka seg så langt som mogleg for å hjelpa unge arbeidsledige.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Denne veka kunne NRK fortelja at 1.200 av dei til saman 13.000 arbeidslause i Rogaland, er under 30 år og har ikkje fullført den vidaregåande skulen.

Dette blei eit hovudtema då partileiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, vitja Rogaland på torsdag.

– Det at me byrjar å få arbeidsløysetal hos unge menneske, som minner om langt sør i Europa, det kan me verkeleg ikkje akseptera, sa han til NRK.no.

Også dei som ikkje har rett på å fullføra

Og nå kjem Ap sin fylkesvaraordførar i Rogaland med ei utstrekt hand til unge arbeidsledige, som ikkje har fullført den vidaregåande skulen.

– Nå skal me sørgja for at alle arbeidslause som vil, skal få moglegheit til å gjera seg ferdige med vidaregåande skulegang, seier Chesak.

Ho seier at det første dei må jobba med er at alle skal ha rett til denne utdanninga, då fleire av dei arbeidsledige strengt tatt har mista retten sin på vidaregåande skule, sidan dei har vore så lenge i jobb.

– Det er ikkje stivbeinte reglar som skal hindre at yngre arbeidslause kan gjera seg ferdige med den vidaregåande skule, seier Chesak.

Vil ha meir samarbeid med NAV

NAV-direktør i Rogaland, Truls Nordahl, er glad for dette, men vil også ha folk frå Rogaland fylkeskommune nærmare inn på dei yngste arbeidslause i fylket.

I dag er det ein tendens til at dei arbeidslause må møte med både NAV og Rogaland fylkeskommune for å finna ut av situasjonen. Det er betre om dei får færre dører å gå inn gjennom, meiner han.

– Kanskje kunne Fylkeskommunen vore med på jobbklubbane som me arrangerer, slik det blei lettare for ungdommen å treffa oss alle på den same plassen, seier Nordahl.

Og fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, seier at ho ønskjer at slike samarbeid skal skje i endå større grad enn i dag.