Vil freiste turistar med sex ved Trollpikken

For å lokke turistar til Noreg, har Visit Norway lista opp seks tips til stader å ha sex. Eitt av dei oppmodar folk til å la seg opphisse av Trollpikken.

Trollpikken

Trollpikken i Egersund i Rogaland er ein av plassane Visit Norway oppmodar til å oppsøke for ei kosestund.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Køyr på, så lenge du tek omsyn, og ikkje viser deg i all offentlegheit, seier Kjetil Bentsen, leiar i stiftinga Dalane kyststi.

«Hyrdestunder» i nærleiken av norsk natur skal bli nye trekkplasteret for turistar. I alle fall er det slik Visit Norway marknadsfører landet vårt i høve valentinsdagen.

Kampanje var dei første som omtalt saka.

Stuntet får dei ansvarlege for Trollpikken i Egersund til å trekkje på smilebandet.

– Dette er berre harmlaus moro. Viss du har vore her, har du nok tenkt tanken allereie, seier Bentsen.

Kjetil Bentsen og Svein Bruno Kallhovd på Trollpikken

Kjetil Bentsen i Dalane kyststi synest stuntet til Visit Norway er morosamt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eldste trikset i boka

Artikkelen, som Visit Norway har lagt ut på sine nettsider, har gitt selskapet mykje merksemd.

Overskrifta lyd «6 places to have great sex in Norway», og dei listar opp følgjande destinasjonar:

  1. Under nordlys-himmelen.
  2. I viking-stil i tømmerhytter.
  3. Rundt Trollpikken i Egersund.
  4. I avsidesliggjande hytter.
  5. I glamping-telt i naturen.
  6. På hotell med sauna eller dampbad.
Jakten på Nordlyset

Visit Norway trekker nordlyset fram som ein fantastisk stad for sex.

Foto: Bernt Olsen / NRK

– Sex er jo det eldste trikset i boka. Eg synest me har brukt det på ein delikat og morosam måte, utan at det har blitt vulgært, seier Katrine Mosfjeld i Innovasjon Norge om strategien for å skape merksemd om norsk turisme.

Og sex-trikset fungerer. Mange har lese artikkelen, og fleire spanske aviser har skrive om stuntet.

– Då gjer me jobben vår. Me laga det litt tabloid, og håpte å skape litt oppstandelse, seier Mosfjeld.

Katrine Mosfjeld, Innovasjon Norge

Katrine Mosfjeld i Innovasjon Norge.

Med denne nye, lettbeinte tonen prøver Visit Norway å treffe ei yngre målgruppe.

– Nokon synest det er heilt over streken, men folk flest synest det er innanfor. Det blir iallfall lagt merke til, seier Mosfjeld.

Manshausen i Steigen

Dei spektakulære hyttene på Manshausen i Steigen står også på Visit Norway si sex-liste.

Foto: Siggen Stinessen

Politiet: – Ulovleg med utesex

Ifølgje straffelova (§298) er det ikkje lov å ha samleie på ein stad som er til offentleg sjenanse.

Viss ein blir tatt, risikerer ein å bli meldt til politiet og få ei bot på minst 8000 kroner.

Politiet i Egersund, kor Trollpikken ligg, tar marknadsføringsstuntet med eit smil:

– Me kjem nok ikkje til å liggje på lur bak ein knaus for å ta dei som måtte ta denne oppmodinga, seier Magnar Sandstøl, som er seksjonsleiar for førebyggjande og patrulje ved politiet i Dalane.

Magnar Sandstøl

Magnar Sandstøl ved politiet i Dalane.

Foto: Mathias Oppedal

– 14. februar har me viktigare ting å ta oss av. Dette er ikkje det mest alvorlege lovbrotet, vedgår han.

Seksjonsleiaren tviler på at stuntet fører med seg store massar med folk til heia i ruskevêret på valentinsdagen.

Trollpikken FØR

Trollpikken skal inspirere til kosestund for turistar.

Foto: MATHIAS OPPEDAL / NRK

– Ganske uskuldig

Så langt har ikkje påfunnet skapt høglydt furore.

Heidi Victoria Skeiseid, postdoktor i forbrukaråtferd ved Hotellhøyskolen, Universitetet i Stavanger, synest stuntet er spennande.

– Då eg såg kampanjen, tenkte eg at det høyrest flott ut. Overskrifta er jo sett på spissen, men det dei skriv om er ganske uskuldig, seier Skeiseid.

Heidi Victoria Skeiseid

Heidi Victoria Skeiseid forskar på forbrukaråtferd.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Under overskrifta «Seks plassar å ha fantastisk sex i Noreg» gir artikkelen tips til hotell og viser spektakulære naturbilete.

– At dei ikkje berre sel Noreg inn som «ro i sjela» synest eg er interessant. Dei lager ei litt annleis historie om den same naturen, seier ho.

Vikinghus Gudvangen

Sex-lista vil la turistane ta inspirasjon frå vikingtida. Gudvangen er ein av destinasjonane dei presenterer.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ansvarleg redaktør for Visitnorway.com, Christine Baglo, presiserer no likavel at dei ikkje oppfordrar folk til å ha sex direkte på Trollpikken, men dei ønskjer at turistar som tar turen lar seg inspirera.

– Trollpikken kan fungera som eit litt pirrande førespel, og så kan ein gå heim, eller til hotellet, og praktisera etterpå, seier Baglo.

Mannleg forventningspress

Kjetil Bentsen i Dalane kyststi trur ikkje at oppslaget til Visit Norway vil skape sjenerande tilstandar rundt Trollpikken.

Det kan likevel oppstå eit anna problem:

– Sex ved Trollpikken er ikkje spesielt omsynsfullt ovanfor mannen, seier han.

– Det blir jo visse forventningar av å ta med partnaren hit. Me er litt redde for prestasjonsangsten det skapar, seier Bentsen.