Vil flaumsikre langs Lundeåne

Eigersund-ordførar Odd Stangeland lover tiltak for å hindre nye flaumskadar langs Lundeåne. Ifølge ordføraren er det snakk om både kortsiktige og langsiktige tiltak.

Flom i Eigersund

100 bustadar langs Lundeåne i Eigersund kommune blei evakuerte under ekstremvêret 'Synne'.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Me opplevde det svært dramatisk, fordi det kom så brått på, seier Johan T. Norum.

Han og familien blei evakuerte under flaumen i Hellelandsvassdraget under ekstremvêret "Synne" i desember.

– Me hadde aldri sett føre oss at det skulle bli så ille. Det var ei uverkeleg oppleving, og veldig skremmande, seier Norum.

Dei store vassmengde gjorde eigedommen hans om til ei isolert øy i Lundåne under flaumen.

– Me har opplevd flaum før, men dette var reine syndfloden. Vatnet kom inn frå alle retningar og det enda med at me vart evakuerte av sivilforsvaret, seier Norum.

Vil ha flaumsikringstiltak

Norum og dei andre naboane til Lundeåne vil at det skal bli sett i gang flaumsikringstiltak langs den utsette elva som renner ut i Egersund sentrum. Ordføraren i kommunen forsikrar dei om at det er noko dei jobbar med.

Ordfører Odd Stangeland i Eigersund

Ordførar i Eigersund, Odd Stangeland, lovar at det vil bli sett i verk tiltak for å flaumsikre langs Lundeåne.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Me har nokre tiltak som me kan sette i gong nesten umiddelbart. Og så har me den store løysinga, særleg i Hellelandsvassdraget, som skal senka vassføringa ned i Lundeåne, den ligg nok litt lenger fram i tid, seier ordførar i Eigersund, Odd Stangeland.

I NVE har dei trua på at dei vil få sett i gong tiltak for å hindre nye flaumskadar.

Svein Arne Gjerstad

Svein Arne Gjerstad i NVE har stor tru på at flaumsikringstiltak blir sett i verk.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det er eit stort prosjekt, men det er gode planar og kommunen har blitt presentert planane. Og det verkar som det er ein stor iver i kommunen for å sette dette på dagsorden. Så me har stor tru på at det vil bli god utvikling, seier Svein Arne Gjerstad i NVE.