Hopp til innhold

Dårleg norsk kan bety mindre pengar

Sylvi Listhaug vil gi kommunane moglegheita til å halde tilbake utbetalingar til innvandrarar, dersom dei ikkje greier å lære seg godt nok norsk.

Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug talte på konferansen 'På flukt mot nord' i Stavanger i dag.

Foto: Anders Fehn / NRK

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug ynskjer å endre introduksjonslova for nyankomne innvandrarar. Det kom fram på integreringskonferansen "På flukt mot Nord", som blir arrangert i Stavanger i dag.

– Me ynskjer meir fleksibilitet i introduksjonsordninga, slik at kommunane kan legge til rette på ulike måtar, seier Listhaug.

– Bra med pisk og gulrot

For i forslaget som vil bli sendt på høyring, blir det foreslått å gi kommunane moglegheita til å kunne halde tilbake utbetalingar, dersom innvandraren ikkje lærar seg godt nok norsk.

– Pisk og gulrot meiner eg er veldig bra, du tener faktisk då på å gjera ein innsats for å integrere deg. Difor meiner eg at det er ein metode som er veldig bra å bruke, fordi det gjer at motivasjonen til folk kan bli endå større, seier statsråden.

Har rett på stønad i dag

I dag er det slik at innvandrarar som deltek i eit introduksjonsprogram har rett på ein stønad som svarar til to gonger folketrygdas grunnbeløp.

Utbetaling skjer på etterskot, på grunnlag av registrert frammøte. Kommunen avgjer korleis og til kva tid utbetalinga skal skje.

Går forslaget gjennom, kan kommunen også få avgjera om deltakaren skal få stønad, basert på det personen har lært.

Listhaug meiner forslaget kan bidra til betre integrering.

– Me kan ikkje vedta at nokon skal bli integrert. Men me kan legge til rette, og så er det stor grad av eigeninnsats som avgjer om ein lukkast, seier Listhaug.