Vil endre brukonstruksjon etter ekstremvêret

Jernbaneverket hadde opphavleg planar om å byggje ei ny jernbanebru på Launes med smalare og grunnare utløp enn i dag. Men no snur dei – årsaka er øydeleggingane etter ekstremvêret «Synne».

Launes bro

Slik ser brua ut etter «Synne» sine herjingar.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Fredag, dagen før ekstremvêret «Synne» slo inn for fullt, var NRK med Viggo Kristofferen i båt til Launes bru i Eigersund.

Kristoffersen er leiar for 60 hytteeigarar i Kjeøy velforeining i Eigersund, og dei har vore uroa for planane om den nye brua som skulle byggast.

Viggo Kristoffersen

Viggo Kristoffersen har vore uroa for brua som Jernbaneverket hadde tenkt til å bygge.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Når jernbaneverket skal til å setje inn ei ny bru, så ser me positivt på det. Men dei skal inn med eit nytt fundament, og då vil det stenga ytterlegare for vassgjennomstrøyminga, sa Kristoffersen på fredag.

Jernbaneverket hadde nemleg planar om å byggje ei ny bru med eit smalare og grunnare utløp enn i dag.

Men då ekstremvêret kom, viste det seg at dagens bru verken er brei eller djup nok til å ta unna dei store vassmengdene.

Hyttene på Kjeøy vart ståande under vatn, og jernbanebrua er framleis stengd.

Stian Wesøy

Områdedirektør i Jernbaneverket, Stian Wesøy, seier dei no vil endre planane.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Vil endra planane

Det har fått Jernbaneverket til å droppe dei opphavlege planane, og dei vil no byggje ei bru med breiare og djupare utløp.

– Me har gått vekk ifrå den opphavlege planen. Me kjem til å levera inn ein ny søknad, seier områdedirektør Stian Wesøy i Jernbaneverket.

Viggo Kristoffersen fekk seg dermed ein tidleg julepresang.

– Det synst jo me er veldig positivt, dersom det verkeleg skjer, seier Kristoffersen.

Gratis flaumsikring for kommunen

Ordfører Odd Stangeland i Eigersund

Ordførar i Eigersund, Odd Stangeland, er glad for at planane blir endra.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

For Eigersund kommune betyr det dermed ei ny jernbanebru på Launes, med djupare grunn og breiare utløp, og eit flaumsikringstiltak som ikkje vil koste dei ei krone.

– Det er gledeleg at dei har vurdert ting på ny etter «Synne», og eg er glad for at dei har kome til den konklusjonen, seier ordførar i Eigersund, Odd Stangeland.