Ridgeback-klubben meiner oppdrettaren ikkje er skikka til å ha hundar.
Ho har no vedgått at to av hundane hennar sprang lause på same tid som ei kvinne vart jaga av hundar på Ganddal for tre veker sidan. Det seier førstebetjent Terje Handeland ved Sandnes Politistasjon.
Faren til hundeeigaren seier til NRK at dottera sine hundar har vunne dei siste store utstillingane i distriktet, og at dottera derfor trur Ridgeback-klubben vil ekskludera henne for å kvitta seg med konkurransen.