NRK Meny
Normal

– Må tora å gjera feil for å bli meir effektive

Petoro AS, som forvaltar staten sine direkte eigde delar i norsk olje- og gassverksemd, vil dobla talet på oljebrønnar og halvera kostnadane per brønn. Dei trur frykt for å gjera feil har kome i vegen for effektiviteten dei siste åra.

Nedgangstider:

(illustrasjonsbilete)

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Petoro AS la i dag fram resultatet for første kvartal i 2014. 38,9 milliardar kroner i netto kontantstraum er 1,6 milliardar meir enn same kvartal i fjor.

Petoro AS si oppgåve er å forvalta staten sine direkte eigde delar i norsk olje- og gassverksemd, såkalla SDØE. Desse eigardelane omfattar ein tredjedel av Norges olje- og gassreservar, om lag 35 felt i produksjon, nær halvparten av transportsystemet for gass og nær 180 utvinningsløyve på sokkelen.

No vil dei at operatørane skal dobla talet på oljebrønnar, samstundes som dei vil gjera drifta av kvar enkelt brønn veldig mykje billigare.

– Må tora å gjera feil

Grethe Moen

VIL SATSA: Grethe Moen, administrerande direktør i Petoro AS.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Det er ikkje eit lite mål Grethe K. Moen, administrerande direktør i Petoro AS, har sett for oljeverksemda på norsk sokkel. Målet om å dobla talet på oljebrønnar håpar ho å nå i løpet av dei neste fem åra.

Ho meiner frykt for å gjera feil har gått utover effektiviteten, og vil det ho kallar ineffektivitet til livs.

– Me har analysar som syner at me kunne bore ein brønn tretti prosent raskare for 20 år sidan, enn det me klarer no. Det har bygd seg opp prosedyrar og ineffektivitet med basis i eit ønskje om ikkje å gjera feil, som ikkje gir rom til å ta enkle avgjerder, seier Moen.

– Vil dette kunne føra til at det blir gjort fleire feil?

– Det skal ikkje gjerast fleire store feil eller fleire feil som utgjer ein risiko for helse, miljø og tryggleik. Men me må tillata fleire små feil for å vera effektive og nytenkjande.

– Men kan fleire små feil etter kvart frå store konsekvensar?

– Me må sjå på den totale risikoen. I staden for å leggja på lag på lag med prosedyrar, krav og standarar, så må me sjå på den totale summen av feil, seier Moen.

Ikkje raske nok med ny teknologi

Det Moen kallar ineffektivitet slår ut i høgare kostnadar. Mindre brønnar blir ikkje lønsame å vinna ut fordi det å bora dei kostar for mykje.

– Halvparten av felta me har i dag er det ikkje økonomisk å vinna ut, fordi dei er for små, seier Moen, og held fram:

– Billigare drift er veldig viktig for å halda oppe den økonomiske utviklinga.

For å få til eit så ambisiøst mål på berre fem år, vil Moen ha radikal nytenking. Det er tre element ho seier er avgjerande: teknologi, arbeidsprosessar og organisering, og ho vil angripa dette frå alle tre vinklane for å få det til.

– Me er ikkje raske nok til å ta i bruk ny teknologi. På norsk sokkel var me raskare for fem år sidan enn det me er no. Me trur at ein av årsakene er å frykt for å gjera feil, og at ein er redd for å ta den risikoen det er å bruka ny teknologi, sjølv om den er testa ut og bevist brukandes på andre felt.

Godt første kvartal

Petoro har gjort eit godt år så langt, og har i årets første kvartal auka kontantstraumen frå 37,3 milliardar kroner i fjor til 38,9 milliardar i år.

– Me har i første kvartal gjort avgjerder som vil bidra til å halda oppe ein langsiktig inntektsstraum for vår eigar, den norske staten. Eg tenkjer då spesielt på val av utbyggingsløysing for det store Johan Sverdrup-feltet, med eit robust feltsenter for første fase av utviklinga, seier Moen.