NRK Meny
Normal

– Viktig at jentene er dedikerte

Når fotballsesongen byrjar skal Viking FK ha cheerleaders på kvar heimekamp. I dag var det audition for å bli med på det historiske danselaget – og det blir stilt strenge krav til dei som vil vera med.

Når fotballsesongen byrjar til våren skal Viking FK ha cheerleaders på kvar heimekamp. I dag var det audition for å bli med på det historiske danselaget – og det blir stilt strenge krav til dei som vil vera med.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå det som kanskje blir Viking sitt nye cheerleader-lag i aksjon.

Linda Carstensen

Linda Carstensen i Elixia er prosjektleiar for samarbeidet med Viking FK om cheerleader-laget.

Foto: Magnus Stokka

Sundag var det audition for Viking sitt nye cheerleader-lag på treningssenteret Elixia i Stavanger. Eliteserieklubben er den første som skal verta opp med cheerleading som pauseunderhaldning på alle heimekampane sine på Viking stadion.

Mange unge og håpefulle jenter møtte opp til uttaket, og koreograf Sandra Susinskyte var mektig imponert.

– Eg frykta at det skulle koma mange dansarar med berre venstreføter, men dette er heilt utruleg. Det har kome 19 jenter her i dag, og alle er gode, seier den engasjerte instruktøren frå Litauen.

Mykje å jobba med

På det endelege laget skal det vera 15 til 20 jenter, men ingen av dei som møtte opp i dag får gratisbillett av den grunn. Avgjersla om kven som får vera med må dei venta på.

Sjølv om Sandra Susinskyte blei imponert av dei som møtte opp, seier ho at det er mykje som må jobbast med. For ein skal ikkje berre vera flink å dansa som cheerleader. Utstråling er minst like viktig.

– Det er sjølvsagt mykje me må ta tak i her, men utgangspunktet ser godt ut. Dessutan er alle veldig pene unge jenter, seier ho.

Sonja Sheik og Emma Skjæveland er to av jentene som prøvde seg i dag. Begge var svært slitne etter prøvane, men hadde ei god kjensle. Dei unge jentene legg ikkje skjul på at dansinga ikkje er den einaste motivasjonen for å bli med på prosjektet.

– Det er jo litt for å bli kjent med Viking-spelarane også. Mange av dei er jo veldig fine og kanskje er det ein framtidig kjærast der, seier Sonja og ler.

Klar til kampen mot Strømsgodset

Sjølv om det ligg mange timar med øving framføre jentene som får vera med på laget, lovar dei å vera klar til sesongstart.

– Me skal definitivt vera på grasmatta fredag 4. april, når Viking tar imot Strømsgodset, seier Linda Carstensen i Elixia, som er prosjektleiar for cheerleadersamarbeidet med Viking.

Også ho var nøgd med dagens audition.

– Nivået var høgt i dag. Over halvparten av dei som møtte opp er allereie gode og proffe dansarar, men nokon er framleis litt sjenerte og treng litt hjelp. Men heldigvis kan Sandra læra dei alt utanom rytmen, seier Carstensen.

Sjølv legg ikkje prosjektleiaren skjul på at ho stiller høge krav til jentene.

– Dette er fotball på eliteserienivå med om lag 10.000 tilskodarar kvar gong, derfor er det viktig at jentene er dedikerte. Eg forventar helst at dei planlegg feriane sine ut frå kva tid det er Viking-kamp og ikkje, seier ho.

I USA er Cheerleading er ein sentral del av underhaldninga under kampar i amerikansk fotball. I galleriet under kan du sjå korleis det går føre seg i NFL, så vil det visa seg om det blir like spektakulært når det er eliteseriekamp på Viking stadion.