NRK Meny
Normal

Jaktar på den siste minken

Sjøfuglbestanden har blitt kraftig redusert dei siste tiåra, og villminken får delar av skulda. Men etter fleire år med jakting, er den framande arten no nær utrydda på enkelte øyer.

Mink

UBEDEN GJEST: Villminken er ein framand art i Noreg, og utgjer ein stor trussel mot sjøfuglbestanden.

Foto: John Øystein Berg

– Me håpar at me skal få tatt den siste minken når me går gjennom områda vinteren 2015, seier Knut Henrik Dagestad, rådgjevar hos Statens naturoppsyn.

I samarbeid med fylkesmannen i Rogaland, fleire kommunar og frivillige organisasjonar, har dei teke opp ei intensiv jakt på minken i verna område langs kysten av Rogaland.

– No har me holdt på i om lag tre år med spesialtrente hundar her sør i fylke. Og på øygrupper som Håsteinskjærgården, Kvitsøy og på Rått så er nokre av holmane heilt tomme for mink, medan på andre er det berre yttarst få igjen, seier Dagestad.

Trugar sjøfuglen

I ein handlingsplan frå Miljødirektoratet heiter det at verna område langs kysten av Noreg skal ryddast for mink i åra som kjem. Villminken stammer eigentleg frå Nord-Amerika, men blei i si tid importert til Noreg som oppdrettsmink. Villminken er etterkommarar av mink som har rømt frå oppdrettsanlegg, og er difor å rekne som ein framand art.

– Minken har blitt eit problem i heile landet, og langs heile kysten, og er ein trussel mot sjøfuglbestanden, seier Dagestad.

Det er verna sjøfuglområde langt frå fastlandet, som har blitt prioriterte fram til no.

Sjøfugl
Foto: Bjørn Grimen / NRK

– Me prioriterer øyer som ligg eit stykke frå land, for då får me ein varig effekt av tiltaka. Om ein klarer å utrydde minken på desse øygruppene, så kan ein utrydde minken for alltid, eller sørge for at områda held seg minkfrie lenge, seier Dagestad.

Ei anna årsak er at det er her minken kan gjera størst skade på sjøfuglbestanden.

– Sjøfuglen hekkar ofte på små holmar og øyer, og dei hekkar veldig tett. Minken kan difor drepe mange fuglar på veldig kort tid, fortel Dagestad.

– Veit ein noko om kor stor skade villminken har gjort på sjøfuglbestanden i Rogaland?

– Det er eit veldig vanskeleg spørsmål. Me veit at den største trusselen mot sjøfuglbestanden er mangel på næring. Når det er lite tilgang på mat i sjøen, er det få som går til hekking. Då er det veldig viktig at dei som går til hekking får fram ungane sine, og ikkje blir tekne av mink. Så villminken er saman med næring, avgjerande for korleis sjøfuglbestanden kan sjå ut i framtida, seier Dagestad.

Fleire område skal ryddast

I Rogaland har ein prioritert øyer og holmar i sør først, men planen er at heile kysten av Rogaland skal ryddast for mink.

– Me har byrja i sør-fylket, på Bygnesholmane, Rått, Håstein og Kvitsøy. I nordfylket har me fått hjelp av frivillige organisasjonar. Dette området vil bli prioritert endå meir i åra som kjem, seier Dagestad.

Ærfugl
Foto: Gunnar Morsund / NRK

Men først må dei vera sikre på at dei har funne den siste minken, på dei holmane dei allereie har jakta i nokre år.

– Me tek område for område. Me vil vera sikre på at eit område er tomt før me forlèt det. Men resultata har vore veldig bra i dei områda av sør-fylket der me har starta, avsluttar Dagestad.

Mink jakter ein svanunge på Sola.