NRK Meny
Normal

Vil bli kvitt heimlause kattar

Det har over lengre tid hopa seg opp med heimlause kattar i Forsand. No er det innbyggjarar som ynskjer kattane fjerna.

Det har over lengre tid hopa seg opp med heimlause kattar i Forsand. No er det innbyggjarar som ynskjer kattane fjerna.

Det er fleire heimlause kattar som luskar rundt i hagen til Tove Nedrehagen i Forsand. No er ho lei.

– Han sitter der inne i busken. Og viss du ser etter så ser du fleire av dei, seier Tove Nedrehagen.

Ho har mellom åtte og ti kattar luskande rundt huset. Heimlause kattar har blitt ei real kattepine for dei fastbuande i Forsand.

– Dei gjer frå seg i hagen, og spesielt på stranda. Det har blitt toalettet deira. Og nokre av dei er så tillitsfulle, at dei faktisk går inn i husa når dørene står opne på sommaren, seier Nedrehagen.

Tove Nedrehagen

Tove Nedrehagen har sett seg lei på alle kattane som luskar rundt i hagen hennar.

Foto: Anders Fehn / NRK

Gir hytteeigarane skulda

Dei siste to åra har det blitt fleire og fleire kattar. Kommunen er klar på kven som er skyld i problemet.

– Det som ofte skjer er at folk er på hytta og når dei skal reise heim igjen på sundagen så er katten sporlaust vekke. Dei reiser då frå katten, og når dei kjem tilbake neste helg så har katten gjerne fått mat ein annan plass, seier Svein Kjetil Rønnevik, landbruk- og miljøansvarleg i Forsand kommune.

Svein Kjetil Rønnevik

Landbruk- og miljøansvarleg i Forsand kommune, Svein Kjetil Rønnevik, meiner hytteeigarane er delar av problemet.

Foto: Anders Fehn / NRK

Men hytteeigarane vil ikkje ta på seg skulda.

– Så vidt eg veit er me dei einaste blant hytteeigarane som har katt. Katten vår fekk vera med til hytta dei første åra, men no kan me ikkje ta han med lengre, fordi han får grisebank av dei andre kattane, seier hytteeigar Rita Schrøder.

Vil bli kvitt kattane

Naboane i området er fortvila over situasjonen. Dei får ikkje lov til å fjerne kattane sjølv.

– Eg meiner at så lenge ingen eig desse kattane, og ikkje viser omsorg for dei, så bør dei fangast og køyrast til veterinæren, seier Nedrehagen.

Men kommunen vil ikkje ta ansvar for kattane før det er dokumentert at dei er helseskadelege.

– Det er uheldig at ei offentleg strand blir ein kattedo. Så det er ei kattepine for kommunen óg, seier Rønnevik.

Katt i hagen
Foto: Anders Fehn / NRK