Hopp til innhold

Nettskule vil berga nedleggingstruga skular

Internettskulen Globalskolen, for norske barn i utlandet, søker om å få undervise barn som bur i Norge. – Det kan bli redninga for bygdeskulane, seier dagleg leiar Sverre Leivdal, i Globalskolen. Fagmiljøa er kritiske.

Småskule og internett

Nærmare 400 skular er lagt ned i Norge dei siste ti åra. Neste ut kan bli Vigre skule på Nærbø, men viss Globalskolen på nett får det som dei vil blir det ikkje slik.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

– I vår har det svinga kraftig. I eitt utvalsmøte har dei sagt at skulen skal få stå, og me har jubla. I neste møte har dei sagt at skulen skal leggast ned, og nedturen har vore tilsvarande, fortel rektor, Johan Omland, på Vigre skule på Nærbø i Hå kommune.

Skulen er den minste i kommunen med i underkant av 40 elevar, og den blir truleg ein av dei neste i rekka av bygdeskular som blir lagt ned her i landet. 35 skular har blitt lagt ned i Rogaland dei siste 20 åra. På landsbasis har nærmare 400 skular blitt lagt ned dei siste ti åra.

Rektoren på Vigre ser at kostnadane er store med å driva små skular.

– Ein kan forstå at ein ønsker å spara, men samstundes ser me verdien i ein liten skule, seier Omland.

Vil ha nettskule inn i bygdeskulane

Oppskrifta for å ta vare på landets små bygdeskular, meiner Globalskolen at dei har. Per i dag undervisar skulen norske barn i utlandet, via internett. Nå ønsker dei å gi same undervisning til barn i Norge, seier dagleg leiar Sverre Leivdal.

– Me ser at den kompetansen og erfaringa me har kan vera svært nyttig også for barn som bur i Norge, seier Leivdal.

Han trur at ein miks av vanleg klasseromsundervisning og nettbasert undervisning kan redda fleire bygdeskular frå nedlegging.

– Det er ofte slik at ein lærar må dekka mange fag over fleire trinn. I den samanheng vil nettundervisning vera med på å halda oppe kvaliteten på undervisninga, seier Leivdal.

Kunnskapsdepartementet er kritiske

Globalskolen har søkt Kunnskapsdepartementet om å få undervisa ved norske skular, og dei seier at dei vil sjå på forslaget.

– Allereie i dag blir det lagt til rette for meir interaktiv opplæring, men me er ikkje der endå at me kan erstatta skulekvardagen i klasserommet med nettundervisning, seier statssekretær Birgitte Jordal.

Heller ikkje rektor på Vigre skule er heiltent på forslaget. Han skulle gjerne hatt ei redningspakke, men trur ikkje bygdeskulane kan bli redda av teknologien.

– Eg trur ikkje me er modne for dette. Relasjonen mellom lærar og elev er svært viktig, og det er me flinke til her på Vigre. Dette er noko som går tapt via skjermen, slår han fast.