– Vi vil legga til rette for at bedriftene i denne regionen kjem på tilbodssida. Vi er eit offentleg helseføretak, og må følge loven, men vi kan legga til rette for at dei lokale kan komme med tilbod, seier Kari Gro Johanson, prosjektdirektør for sjukehusbygginga i Stavanger.
Måndag kom helseminister Bent Høie med beskjeden mange har venta på: Det nye sjukehuset i Stavanger skal byggast på Ullandhaug. Første spadestikk blir tatt i 2018 eller 2019, og totalt sett vil prosjektet gi 2400 årsverk på byggeplassen.
Trur oljekompetanse kan brukast på sjukehus
På det meste vil 800 personar vera i sving med å reisa hovudbygningen til sjukehuset. Prosjektdirektøren har stor tru på dei lokale utbyggarane, og inviterer til seminar med aktuelle leverandørar rett etter påske.
– Det er nå vi har moglegheit til å vera litt kreative. På Solamøtet sa dei at vi i denne regionen er kjent for å jobbe saman, dra lasset saman og tenke lure tankar saman. Vi har ein kjempekompetanse på offshore, olje og gass, og mange element herifrå kan bringast inn i byggebransjen – og særleg til sjukehus, seier ho.
- LES MEIR: Solamøtet 2016
Det er heilt ope kven som får jobben med å bygga det nye sjukehuset i Stavanger. Det einaste som er sikkert, er at det blir fleire byggekontraktar, og neppe ein totalleverandør.
Også i Haugesund er det planar. Haugesund sjukehus skal byggast ut, i fleire etappar, for til saman 2,8 milliardar fram til 2032.
Også her håpar dei på lokale utbyggarar, seier administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen.
– Vi har både håp og tru på at dette skal gi effekt på sysselsettinga på Haugalandet. Vi håpar å kunne nytte så mange lokale entreprenørar og aktørar så mykje som mogleg, seier han.
– Det er viktig å legga til rette for at flest mogleg rogalendingar kjem seg i jobb, og dette er eit av dei offentlege prosjekta i nordfylket som kan og vil bidra til det, legg han til.
Nav: – Veldig, veldig bra
Nav-direktør i Rogaland, Truls Nordahl, applauderer sjukehusa sin lokale byggestrategi.
– Det synest eg er veldig, veldig bra. Akkurat nå er det veldig mykje god arbeidskraft på marknaden, og entreprenørar med god kapasitet. God tenking, seier han.
Ifølgje Nordahl kan ein fort doble talet på årsverk knytt til sjølve bygginga fordi slike prosjekt får ringverknader for mange.
– Det fører pengar til området, fleire får jobb og varer og tenester blir kjøpt frå lokale leverandørar, seier han.