Hopp til innhold

Vil at fleire skal sykla over fotgjengarfelt

Syklar du over fotgjengarfeltet, eller leier du sykkelen? Begge delar er lov, men berre det eine utløyser vikeplikt.

Syklist i fotgjengerfelt

Ein av grunnane til at fleire meiner at syklistar bør sykla over fotgjengarfelt er for å spara tid.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Stadig fleire vel sykkel som framkomstmiddel. For å effektivisera trafikkbiletet meiner fleire fagfolk nå at syklistar bør sykla over fotgjengarfeltet.

– Om du syklar, har du vikeplikt for bilen i eit fotgjengarfelt. Men om du ser at bilen har stoppa for deg, er det meir effektivt å sykla enn å gå, seier Roar Børresen, leiar for prosjektet Stavanger på sykkel.

Han får støtte av Syklistenes Landsforeining.

Vil alt fleire skal sykla over gangfelt

Roar Børresen er leiar sykkelsatsinga i Stavanger. Han meiner det er lurt at fleire syklistar syklar over fotgjengarfelta.

Foto: Kristian Risanger / NRK

– Det er viktigare enn nokon gang at ein er obs på kvarandre. Det kjem til å eksplodera med syklistar framover. Men om ein har god kontakt med bilisten, og bilen har stoppa, kan ein sykla over fotgjengarfelt, seier Skjalg Omdal frå Syklistenes Landsforeining.

Skjalg Omdal

Skjalg Omdal frå Syklistenes Landsforeining, har dei siste åra sykla over fotgjengarfelta.

Foto: Kristian Risanger / NRK

Vegdirektoratet stadfestar at det er lov å sykle over gangfeltet, men at det er viktig å ta omsyn til dei gåande.

– Syklistar har også eit ansvar overfor fotgjengarane, så det er viktig å halde låg fart inn mot feltet, seier Tanja Loftsgarden, sjefingeniør i Vegdirektoratet.

– Skummelt

Zack Livsay syklar til jobb nesten kvar dag. Han innrømmer at han sjeldan går av sykkelen undervegs.

– På strekninga eg syklar er bilane så vane med syklistar at ein har eit veldig godt samarbeid.

Om syklist og bilførar får kontakt, kan kan ein sykla over, meiner han. Likevel forstår han at det kan vera frustrerande når ein syklist har stor fart og ikkje samarbeider.

Fleire taxisjåførar NRK snakkar med, er kritiske.

– Syklistane forventar at me skal stoppe når dei kjem i stor fart. Men lova seier at dei har vikeplikt for oss, seier taxisjåfør Erol Erman.

Erol Erman

Fleire i taxisjåførar opplever dagleg vanskelege situasjonar med syklistar, seier Erol Erman, som jobbar i Stavanger Taxi.

Foto: Kristian Risanger / NRL

– Me stoppar alltid, men av og til kan dei vere vanskelege å sjå, eller komma plutseleg. Det er veldig skummelt.

Vil betre oppførselen

Erman kjenner også til fleire tilfelle kor syklistar har blitt forbanna på bilistar.

– Seinast i dag slo ein syklist i bilen min då me begge var i fart. Eg såg han ikkje, og plutseleg var han der. Eg braut ikkje lova, men han blei sint, seier Erman.

Han synest at syklistane skal gå over gangfelt.

– Eg opplever at mange er veldig tøffe og berre syklar full fart over utan å sjå seg om. Det er farleg og uakseptabelt.

– Falsk tryggleik

Samstundes som Stavanger på sykkel vil at fleire syklar over fotgjengarfeltet, har dei også ein kampanje som skal få syklistar til å oppføre seg betre i trafikken.

Målet er færre konfliktar og uhell, og å minne dei på regelverket: Bilistar har ikkje vikeplikt for personar som syklar i fotgjengerfelt.

– Viss du gir syklistane same rettar som gåande, kan syklisten kome i høg fart og gjere det vanskeleg for bilen å stoppe i tide. Det gir ein falsk tryggleik, seier Tanja Loftsgarden i Vegdirektoratet.

Ei endring av regelverket vil ikkje vere fornuftig, meiner ho.