Hopp til innhold

Vil at eldre skal få gratis heimetrenar

Pensjonistforbundet vil at alle eldre som treng det, skal få personleg trenar på døra. Og det heilt gratis. Svein Amundsen (77) greier ikkje å trene aleine.

PT og Svein Amundsen - stående armene i kryss

BETRE FOR SAMFUNNET: Personleg trenar Nina Haara Matre kom heim til Svein Amundsen to gonger i veka før koronapandemien. – Det er fullt mogleg å bygge musklar heile livet, seier Matre.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Eg går litt turar, men det er ikkje så lett å trene på eiga hand, seier Svein Amundsen.

Det er september og snart sju månader sidan han var med i eit pilotprosjekt der personleg trenar Nina Haara Matre kom heim til han to gonger i veka.

Dei trente, og Amundsen blei sterkare.

– Eg har veldig lyst til å stå opp om morgonen og begynne å gjere noko, men nå orkar eg ikkje, sa Amundsen på ein av dei første treningstimane NRK fekk vere med på i vinter.

77-åringen har kronisk lungefibrose, og eit stort ønske om å bygge ferdig gyngestolen i verkstaden sin. Men det har han ikkje hatt krefter til på lenge.

Svein Amundsen - trener i stua

HAR TRUA: Svein Amundsen har tru på at trening vil gi han eit betre liv. Men då treng han ein trenar.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Amundsen og Matre hadde trent i lag i fleire veker då koronaviruset stengde moglegheitene for å treffast heime.

Amundsen kjente likevel at treninga hadde gitt gode resultat. Han var sterkare, lettare på foten, og han sov betre.

77-åringen ville fortsette treninga aleine, men det var lettare sagt enn gjort. I september kan han sjå tilbake på eit halvt år med lite trening.

Dobbelt så mange over 80

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det kjem til å vere 1,28 millionar personar over 67 år i Noreg i 2040. Det er ein halv million fleire enn i 2017.

Samtidig kjem det til å vere dobbelt så mange over 80 år.

– Folk blir oppfordra til å bu heime så lenge som mogleg. Og regjeringa har sjølv sagt i helsereforma Leve hele livet at eldre bør få tilbod om aktivitet minst ein time kvar dag. Då veit vi at nokon treng å få trenaren heim til seg, seier leiar i Pensjonistforbundet Jan Davidsen.

Billigare for samfunnet

Davidsen meiner eldre bør få tilbod om gratis personleg trenar som drar på heimebesøk.

Jan Davidsen, forbundsleder i Pensjounistforbundet

GRATIS: Leiar i Pensjonistforbundet Jan Davidsen, vil ha gratis heimetrening for eldre.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Det bør vere gratis for dei som treng det. Å ha god helse har samanheng med resten av livet ditt. Dersom dette kan løysast på denne måten, er det fantastisk for den enkelte, men også samfunnsøkonomisk må dette vere eit glimrande tiltak, seier Davidsen.

Koronapandemien har dessutan vist at det er eit stort behov for eldretrening heime, meiner han.

– Det er kanskje endå viktigare når vi ser konsekvensane av isolasjonen dei eldre har blitt utsett for i koronapandemien.

Det siste halve året har forbundet fått mange meldingar frå eldre som har hatt god nytte av treningsprogram på fjernsyn. Nokre har til og med leita seg fram i NRK-arkivet for å finne gamle episodar av Trimkvarteret frå 1991, fortel Davidsen.

Svein Amundsen i verkstedet.

GYNGESTOLEN: I verkstaden utanfor huset ligg delane til ein gyngestol, som Svein drøymer om å fullføre. Men først må han bli sterkare.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Treng eit dytt bak

Amundsen saknar treningane med Matre. Heldigvis jobbar ho med nye løysingar som kan få fart på treninga til 77-åringen att.

Eit alternativ er å tilby eldre trening på nett.

– Eg kunne tenkt meg å vere med på det. Eg treng eit dytt bak, seier Amundsen.