Hopp til innhold

Ho gav alt for «Vikingane»

78 år gamle Eli-Karin Vangen Dalen (78) køyrde bil frå Oslo til Avaldsnes for å vera statist i seks veker i NRK sin nye humorserie frå vikingtida. I dag strålte ho på den raude løparen.

Eli-Karin Vangen Dalen

VIKING-FAN: Det var ikkje filminteresse som gjorde at Eli-Karin Vangen Dalen sa ja til å vera statist i «Vikingane». Det var hennar store interesse for vikingtida.

Foto: Thomas Halleland / NRK

I dag har den nye humorserien «Vikingane» hatt premiere på NRK Nett-TV, og på Avaldsnes på Karmøy, der serien i all hovudsak har blitt spelt inn, var det i kveld duka for premierefest for dei lokale statistane.

78 år gamle Eli-Karin Vangen Dalen (78) køyrde bil frå Oslo til Avaldsnes for å vera statist i seks veker i NRK sin nye humorserie frå vikingtida. I dag strålte ho på den raude løparen.

RAUD LØPAR: Sjå direkteinnslaget, som gjekk på TV fredag kveld, frå den raude løparen på Avaldsnes.

Starta Vikingklubben

– Det var ein heilt ny oppleving. Eg har ikkje greie på film, for det er langt nede på prioriteringslista mi, men det var kjempeinteressant å sjå på all detaljplanlegginga som blir gjort bak kamera, seier Eli-Karin Vangen Dalen (78), som er svært spent før visinga inne på Nordvegen historiesenter.

Ho er ei av fleire statistar i TV-serien, og for henne var det spesielt kjekt å få vera med på nett denne produksjonen. Ho kjem nemleg frå Karmøy, og var i si tid med på å starta Vikingklubben her. Dette på grunn av si store interesse for vikingtida.

Seinare flytta ho til Oslo, men då ho blei spurt om å vera med var ho ikkje i tvil.

– Eg køyrde frå Oslo til Avaldsnes for å vera statist i seks veker i mai og juni, då innspelinga føregjekk, seier ho.

Vikingane

Fleire kjende skodespelarar er med i den nye humorserien.

Foto: Glenn Meling/Finn Erik Johannessen / NRK

Ros frå regissør

Regissøren er svært glad for innsatsen alle statistane la ned i produksjonen.

– Dei var nokre «troopers», og heldt på frå morgon til kveld. Ikkje ein gong sa dei nei. Ein dag regna det ein god del, og det var litt tungt, men dei gav seg ikkje dei, seier regissør John Iver Helgaker.

Han legg heller ikkje skjul på at om det ikkje hadde vore for Vikinggarden på Karmøy, så hadde dei heller ikkje hatt ein serie.

– Vikinggarden på Karmøy er utan tvil hovudpersonen i filmen.