Hopp til innhold

Viking vil ha topptrenar frå Norden

Viking siktar høgt i jakta på ny manager. Målet er å henta ein topptrenar frå Norden til Stavanger.

Viking stadion/Rugland

Viking har som mål å ha på plass ein ny trenar innan 30. juni.

Foto: Scanpix / Alf Ove Hansen

– Me har konkrete namn på blokka, men ikkje mange. Me legg lista høgt, derfor er det ikkje mange aktuelle kandidatar, seier styreleiar i Viking FK, Christian Rugland, til NRK.

Laurdag kom nyheita om at Åge Hareide er ferdig som manager i Viking etter 2,5 år i jobben. Bakgrunnen er svake sportslege resultat.

Les også: - Ville fremskynde trenerskiftet

Les også: – Endelig handling fra Vikingstyret

Kjell Jonevret til Stavanger?

I Stavanger har spekulasjonane alt starta om kven som tar over jobben. Eitt av dei heitaste namna er Kjell Jonevret.

Den tidlegare Viking-spelaren og eks Molde-trenaren er for tida utan trenarjobb, og har tidlegare sagt at han kan ta over ein ny klubb når som helst.

Men Viking-leiinga held korta tett til brystet og vil førebels ikkje røpa kven som er aktuelle.

– Eg kommenterer ikkje namn. Det sportslege utvalet vårt tek nå til arbeidet med å kartlegga aktuelle trenarar. Me ser etter ein topptrenar i heile Norden, seier Rugland.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Video Åge Hareide ferdig i Viking

Åge Hareide ferdig i Viking. Reportasje frå Sportsrevyen laurdag.

Usikker framtid for managerrolla

Managerrolla Viking har hatt den siste tida går også ei uviss framtid i møte. Kva som skjer med organiseringa i klubben kjem heilt an på kven som blir ny trenar i Stavanger.

– Managerrolla kjem me til å drøfta med den nye trenaren. Kva som blir utfallet skal me i leiinga bestemma i samråd med den nytilsette, seier Rugland.

Det sportslege utvalet som skal arbeida med å henta ein ny trenar til Viking blir leia av Rugland. I utvalet får han med seg to personar frå Viking ASA og to frå Viking FK.

I tillegg blir Arne Larsen Økland og Kjell Inge Olsen med. Dei har sitt første møte måndag eller tysdag. Målet er å ha på plass ein ny manager/trenar innan 30. juni.

Kven meiner du bør bli ny manager/trenar i Viking?