Viking tapte på heimebane

Viking tapte 1–3 mot Bodø Glimt i Stavanger, søndag kveld. Viking tok leiinga ved toppskårar Veton Berisha etter berre seks minutt, men Bødølaget utlikna og var det beste laget i andre omgang. Viking er på sjetteplass på tabellen, tre poeng føre FK Haugesund på sjuandeplassen.