Hopp til innhold

– Forslaget frå Viking ville rasert Sandnes Ulf

Styret i Viking føreslår å dela heimebane med naboklubben. – Heilt uaktuelt, seier leiar for supporterklubben til Sandnes Ulf.

Viking Stadion

Styret i Viking legg i dag fram eit forslag om å invitera Sandnes Ulf til å spela heimekampane sine på Viking stadion. Eit liknande forslag blei avslått av Sandnes Ulf i 2012.

Foto: Hansen, Alf Ove / Alf Ove Hansen

Tom Rune Espedal

Dagleg leiar i Sandnes Ulf, Tom Rune Espedal, er kritisk til Viking-forslaget. Det er supporterklubben Gaukereiret godt nøgde med.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Stavanger Aftenblad skriv i dag om fleire forslag styret i Viking FK skal leggja fram for medlemmane og sponsorane sine i dag. Forslaga er ein del av planen for å få den skakkøyrde økonomien på fote igjen.

Eit av forslaga er å invitera førstedivisjonsklubben Sandnes Ulf til å bruka Viking stadion som heimebane.

– Det første som slår meg når eg høyrer dette er at Viking har store utfordringar for tida. For vårt vedkomande ser eg på det som heilt uaktuelt at Sandnes skal spela heimekampane sine i Stavanger, seier Alf Morten Haga, som er leiar for Gaukereiret, supporterklubben til Sandnes Ulf.

– Hadde rasert det me har bygd opp

Alf Morten Haga legg ingenting mellom når han snakkar om dagens avisoppslag i Aftenbladet.

– Om me skulle spelt på framand grunn ville det rasert alt me har bygd opp her og det ville betydd døden for Sandnes Ulf som klubb, slår han fast.

Charlie Granfelt

Det er styreleiar i Viking FK, Charlie Granfelt, som i dag skal leggja fram forslaga for medlemmar og aksjonærar i klubben.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Dei lyseblå er ikkje kjende for å ha ein stor fanskare, men etter klubben dei siste åra har hatt sportsleg suksess med eliteseriespel 2012, 2013 og 2014, har det blitt fleire Ulf-supporterar. Det er dette Haga fryktar kan gå tapt.

– Me har gjort ein stor jobb mot målet om å bli heile byens lag og dei som går på Sandnes-kampane har teke eit bevisst val. Eg er redd for at me hadde mista mange av desse. Og me hadde ikkje fått nye supporterar, seier han.

Haga fryktar ikkje at Viking sitt forslag skal bli ein realitet, og er glad for at dagleg leiar i Sandnes Ulf, Tom Rune Espedal, har uttalt seg kritisk til forslaget om at dei skal droppa eigne stadionplanar og heller spela på Viking stadion.

– Tidlegare har me vore tydelege på at me vil byggja opp ein eigen klubb og ein eigen identitet. Derfor blir dette vanskeleg for oss, seier Espedal til Aftenbladet.

Manglar 20 millionar

Ifølgje Aftenbladet manglar Viking 20 millionar kroner for å få 2016 budsjettet til å gå opp.

Av andre forslag frå styre for å få orden på økonomien, skal også desse presenterast på dagens møte.

  • Kunstgras på hovud- og treningsbanen
  • Sal av stadion-namnet
  • Meir fleirbruk av stadion