Hopp til innhold

Viking samlar inn pengar til syriske barn

Fotballklubben Viking FK, som sjølv slit økonomisk, har starta pengeinnsamling til UNICEF sitt arbeid for barn i Syria.

Syriske flyktninger i Sanliurfa

KATASTROFE: Millionar av syrarar er på flukt.

Foto: BULENT KILIC / Afp

I juni lanserte Viking FK kampanjen #egbryrmeg der folk kunne støtta fotballklubben med pengar. Årsaka var at dei hadde hamna i såkalla raud sone under overvaking frå Fotballforbundet. Då fekk dei fleire førespurnadar frå folk som lurte på korleis dei kunne hjelpa, og kampanjen #egbryrmeg vart starta.

Men no har klubben bestemt seg for å mellombels stoppa innsamlinga til seg sjølv, og alle pengane som kjem inn skal i staden gå til UNICEF sitt arbeid for krigsråka syriske barn.

Vil bidra

Charlie Granfelt

STYRELEIAR I VIKING: Charlie Granfelt.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det er behov for solidaritet og nestekjærleik. Me hugsar godt korleis me sjølv vart hjelpte i vår, og no føler me at me kan bruka den same plattforma til å hjelpa nokon andre som har behov for det, seier Charlie Granfelt, styreleiar i Viking FK.

Krigen i Syria har ført til ein flyktningstraum til Europa. Hjelpeorganisasjonane opplever for tida telefonrush, gjevarglede langt ut over det som er vanleg og folk som ber om å få hjelpa.

Håpar givarviljen er stor

Fotballklubben bidreg sjølv med 25.000 kroner, og frir til spelarar, sponsorar, samarbeidspartnarar og alle andre til å vera med å bidra. På berre dei få timane sidan kampanjen vart lansert søndag føremiddag, har dei samla inn 5000 kroner i tillegg til dei pengane klubben sjølv har gitt.

– Eg har ingen aning på kor mykje me kjem til å få inn. Givarviljen var veldig stor i vår, då fekk me inn over 550.000 kroner i #egbryrmeg-kampanjen. Kor mykje me kjem til å få inn no, det veit eg ikkje, men givarviljen er stor. Uansett kva summen blir, så er det eit godt bidrag til ei god sak. Det er heilt umenneskeleg det som skjer i Syria no, seier Granfelt.

– Desse problema går ikkje vekk med det første, så me kjem til å køyra denne kampanjen utover hausten. Me vil vera med å bidra lenge og mykje, seier styreleiaren.