NRK Meny
Normal

8-0 til Arsenal: Herja med heimelaget

Rakna for Viking i andre omgang.

kamp

Viking var sjanselause mot arsenal.

Foto: CDathrine Oftedal / NRK

Etter ein jevn førsteomgang med eit mål til Arsenal blei Viking fillerista etter pause.

Arsenal opnar kampen aggressivt, og allereie tre minutt inn i kampen får Viking straffe mot seg. Iven Austbø reddar sparket frå Cazorla.

35 minutt inn i første omgang kjem første mål til Arsenal. Mål av Campbell, stilling 0-1.

Cazorla set inn Arsenal sitt andre mål få minutt inn i andre omgang. Eit par minutt seinare kjem Engelskmennene sitt tredje mål ved Walcott.

Fjerde mål i Arsenal sin favør er eit sjølvmål av Viking ved Michael Haukås.

Campbell scorar, 0-5 til Arsenal. Alt håp ute for dei blå.

Iwobi står for mål nummer seks.

Walcott sèt inn kampens åttande mål like før slutten på ein ellevill oppvisningskamp der Arsenal leikar seg framfor eit nært fullsett stadion.

kamp

Eit nesten fullsett stadion ser treningskampen.

Foto: cathrine Oftedal / NRK

Før kampen

14000 billettar er sellde før kveldens oppvisningskamp mellom Viking og Arsenal på Viking stadion.

Sånn startar Viking (4-5-1): Iven Austbø - Julian Ryerson, Per Magnus Steiring, Karol Mets, Kristoffer Haugen - Andre Danielsen, Abdisalam Ibrahim, Usman Sale, Samuel Adegbenro, Tor A. Skimmeland Aasheim - Mathias Bringaker


På benken: Pål Vestly Heigre, Patrick Pedersen, Björn Daniel Sverrisson, Zymer Bytyqii, Amund Wichne, Andreas Breimyr, Michael Haukås, Herman Kleppa, Claes Kronberg, Erik Steen, Martin Hummervoll, Stian Michalsen

Sånn startar Arsenal (4-2-3-1 ): David Ospina - Mathieu Debuchy, Krystian Bielik, Gabriel, Kieran Gibbs - Francis Coquelin, Mohamed Elneny - Joel Campbell, Santi Carzola, Alex Oxlade-Chamberlain - Theo Walcott


På benken: Holding, Iwobi, Monreal, Bellerin, Martinez, Adelaide, Akpon, Cech, Zelalem, Willock.