Hopp til innhold

Viking med null poeng

Viking fekk eit mål imot etter seks minutt på bortebane mot Sarpsborg 08. Etterpå blei det blytungt.

 Sarpsborgs Steffen Ernemann (t.v) og Vikings Julian Ryerson i aksjon

Sarpsborgs Steffen Ernemann (t.v) og Vikings Julian Ryerson i aksjon.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Sarpsborg koplar seg på medaljekampen med tøft duellspel og fine kontringar mot Viking.

Dei kunne scora fleire mål, særleg i førsteomgang. Etter pause la dei seg lengre bakpå og venta på Viking.

Slik oppsummerer NRK sin reporter det som skjedde laurdag ettermiddag på heimebanen til Sarpsborg.

Sarpsborg var det beste laget

Viking hadde lite å by på. Dei var svakare i duellspelet enn Sarpsborg, hadde dårlegere fart framover og få målsjansar.

Sarpsborgs Kachi (t.v) og Vikings Abdi Ibrahim i aksjon

Sarpsborg sin målskårar Kachi (t.v) og Vikings Abdi Ibrahim i aksjon.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Sett i etterkant vart det ein fortent siger til Sarpsborg, som også var nærare 2-0 enn det Viking var utlikning mot slutten av kampen.

  • Les også:

Viking sin beste periode

I andre halvdel av førsteomgang tok faktisk Stavangerlaget heilt over.

I denne perioden måtte den tidlegare Viking-målmannen Arild Østbø gjera to kjemperedningar for Sarpsborg. Slik sørga han for at Viking ikkje fekk uttelling for banespelet.

Dett nedover på tabellen

Viking er nå nede på ein sjuande plass på eliteserietabellen. Før kampen sto dei med like mange poeng som Sarpsborg, på sjette plass.

Nå har Sarpsborg heng på medaljekampen og er oppe på femteplass med 39 poeng.