Hopp til innhold

Viking med heldig siger

Viking slo Start 1–0 på heimebane treningskampen i dag, etter ei merkeleg scoring fem minutt før slutt.

Kjell Jonevret

TOMMEL OPP: Vikingtrenar Kjell Jonevret såg laget sitt slå Start 1–0 i dag. (arkivbilete)

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Begge lag hadde sjansar til å scora, men det stod 0–0 på måltavla heilt til det var spelt i 85 minutt.

Eit lågt innlegg vart slått inn frå høgresida, og med fattige éin vikingspelar i boksen, burde det vore lett for Start å reinska vekk. Men på merkeleg vis fekk ikkje Jon Ole Reinhardsen stokka beina. I staden for å sparka vekk ballen, la han den perfekt til rette for den einslege vikingspelaren fem meter frå mål. Vikings Martin Hummervoll nølte ikkje, og trilla den i det opne målet.

Start hadde ein stor sjanse allereie etter 10 sekund (!) av kampen, då Emil Dahle vart spelt gjennom åleine med keeper, men han lobba ballen over mål.

Om ei veke startar årets eliteserie i fotball, då møter Viking nyopprykka Mjøndalen på bortebane.