NRK Meny
Normal

Viking lover underhaldande fotball

Viking frir til publikum med lovnad om offensiv fotball. Til gjengjeld ber dei publikum komme tilbake til Viking stadion.

Viking - Ull/Kisa, Karol Mets

Viking har vunne to treningskampar under opphaldet i La Manga i Spania. Tysdag slo de Ull/Kisa 1-0.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Vi vil vere eit offensivt og aggressivt lag. Ikkje berre for å vinne fleire fotballkampar, men for å fylle stadion igjen, seier assistenttrenar Bjarte Lunde Aarsheim.

Han vil snu stemninga i Stavanger, og meiner sesongoppkøyringa viser at det vert kjekkare å sjå Viking i år.

– Me har eit ungt og løpssterkt lag. Den offensive samhandlinga byrjar å fungere.

To sigrar i Spania

I går slo Viking førstedivisjonslaget Ull/Kisa 1-0 på La Manga. Tidlegare i treningsopphaldet vann dei 2-1 over Brann. Kristoffer Haugen scora målet i går, og han håper på attraktiv fotball.

Kristoffer Haugen

Målscorar Kristoffer Haugen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Viking har alltid vore eit flaggskip i Stavanger. Men eg trur folk har blitt skuffa i fleire år no. Denne sesongen er me ikkje medaljefavorittar, og kan heller overraske positivt.

Tynn spelarstall

Bjarte Lunde Aarsheim innrømmer at spelarstallen er tynnare enn den burde ha vore. Men saman med den nye hovudtrenaren Ian Burchnall er han likevel optimist med tanke på å kjempe i toppen av Eliteserien.

– Det er ikkje nokre avgrensing på kor høgt me kan kome. Men skader og suspensjonar kan bli avgjerande. Me har ikkje så mange spelarar å ta av. Det er vanskeleg å vite heilt kvar me står no før sesongen byrjar, seier Aarsheim.

– Kva vil vere din oppfordring til folk i Stavanger?

– Kom dykk på stadion!

Andre Danielsen under Viking - Ull/Kisa på La Manga

André Danielsen under Viking - Ull/Kisa på La Manga.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK