Hopp til innhold

Viking knuste Bryne i treningskamp

Treningskampen mellom Viking og Bryne enda 4-1. Sjå scoringane her.

Viking vann 4-1 over Bryne i dagens treningskamp.

Sjå scoringane frå kveldens treningskamp mellom Viking og Bryne.

Det var Bryne som opna best i treningskampen mot Viking i Randaberghallen i kveld. Alt etter sju minutt tok jærlaget leiinga ved Oddbjørn Skartun.

Målrikt

Men halvvegs ut i omgangen snudde kampen. Då utlikna Viking ved Samuel Adegbenro, før nykomlingen Aniekpeno Udo sende Viking opp i leiinga 2-1 etter ein dryg halvtime.

Sju minutt ut i andre omgang scora Adegbenro nok ein gong for Viking, etter eit innlegg frå Suleiman Abdullahi. Før Patrick Pedersen auka leiinga til 4-1 i det 76. minutt.

Kampen enda til slutt 4-1 til Viking.

Årets beste kamp

– Eg synst det var ein bra kamp. Vertfall årsbeste for oss, seier trenar i Viking, Kjell Jonevret etter kampen.

– Dei fekk eit tidleg mål, men etter det synst eg at me hadde god kontroll i første omgang. Andre omgang var litt rufsete i starten, men så vågar me å halde meir på ballen, og Bryne blir trøtte, så alt i alt ein bra kamp frå vår side, utdjupar Jonevret.