Viking klorar seg fast i toppen

Viking vann 2–1 over Stabæk i den 28. runden i eliteserien. Dermed er Viking framleis med i medaljekampen, medan Stabæk blir passert av Strømsgodset i kampen om sølvet.

Andre Danielsen

Andre Danielsen jublar etter å ha putta det første målet til Viking.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

André Danielsen sende heimelaget i føringa etter 11 minutt. Han var frampå då Stabæk-keeperen måtte gi retur, og Danielsen gjorde ingen feil frå kort hald. Stabæk utlikna ved Luc Kassi etter 24 minutt. El Ghanassy sende ballen gjennom forsvarsrekkja til Viking frå 16 meter, og åleine med keeper gjorde Luc Kassi ingen feil frå kort hald. Etter 70 minutt avgjorde Suleiman Abdullahi for heimelaget då han sette inn 2–1.

Dermed klorar Viking seg fast i medaljekampen med sine 50 poeng og blir liggjande på femteplass. Stabæk blir passert av Strømsgodset, blir ståande på 53 poeng og går ned frå andreplass til tredjeplass. Også Strømsgodset har 53 poeng, men drammensarane har betre målforskjell.

– Det er fantastisk. Tungt, men fantastisk herleg. No er me med att der oppe, sa André Danielsen til TV2 like etter kampslutt.

– Sigeren i dag betyr alt. Det er to kampar att, men den er med på å redda sesongen. Me må kanskje ta til takke med bronse og europacup, men det er ein bra sesong for Viking, sa målscoraren til TV-kanalen.

Tidlegare i kveld sikra Rosenborg gullet , då dei spelte 3-3 mot Strømsgodset.

Slik var kampen:

Laster innhold, vennligst vent..