Hopp til innhold

– Det er ikkje for å tigga

Viking FK har starta kronerulling på nett etter dei hamna i fotballforbundet si økonomiske raudsone. Dei har likevel ingen ambisjonar om at fansen åleine skal få dei ut av pengekrisa.

Viking FK med kronerulling

Slik ser nettsida som Viking FK i dag lanserte ut. Dei som gir pengar får namnet sitt på sida.

Foto: Viking FK

I dag starta Viking FK nettkampanjen «#egbryrmeg» der vanlege folk blir oppmoda til å spytta inn pengar i den skrale klubbkassa, og etter berre nokre timar har dei fått inn nærmare 200.000 kroner.

Henning Johannessen

Henning Johannessen er konstituert direktør i Viking etter avgangen til Arne Larsen Økland i vår.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Då Viking hamna i raudsonen var det mange som kontakta oss og lurte på korleis dei kunne hjelpa. Dette er bakgrunnen for at me starta kampanjen, fortel konstituert direktør i klubben Henning Johannessen.

– Rørande at folk bryr seg

For to veker sidan leverte Viking ein plan til NFF om korleis dei skal få orden på økonomien. Nå har dei tre år på seg til å klara dette.

Johannessen forsikrar om at kronerullinga ikkje er hovudplanen.

– Eg har ingen illusjon om at gåvene skal få oss ut frå raud sone, då måtte me hatt eit par nullar til bak beløpet. Men me har lagt ein del andre planar for å koma oss ut, seier han.

– Er det riktig at fansen skal betala for økonomisk rot?

– Dette er ikkje for å tigga pengar, men for å gi dei som kontaktar oss ein enkel måte å bidra med dei pengane som dei sjølv vil. Det er rørande at folk bryr seg så mykje som dei gjer, seier den fungerande direktøren.

Kan fungera bra

Ekspert på fotballøkonomi, Tor Geir Kvinen, har sjølv vore med på å berga ein fotballklubb ut frå økonomiske problem. Her hadde dei ein tilsvarande kampanje, og han meiner det absolutt kan ha noko føre seg.

– At Ola Nordmann gir nokre hundrelappar spelar ingen rolle økonomisk, men det bidreg til at fleire vil vera med, og det er med på å skapa ein entusiasme og eit eigarforhold til klubben, fortel Kvinen.

Dersom entusiasmen blir stor nok kan det bety mykje.

– Då kan det plutseleg koma ein større aktør på banen, som spyttar inn eit stort beløp. Det kan vera ei bedrift eller ein rik onkel som vil syna fram for folk at dei er med på redningsaksjonen, seier han.