Hopp til innhold

Viking er ikkje ferdige med Horn

Jørgen Horn sin Viking-karriere fekk ein brå slutt i haust etter to besøk på glattcelle. Men sjølv om kontrakten blei broten, vil Viking ha eit ord med i laget når Horn nå er aktuell for Fredrikstad Fotballklubb.

Jørgen Horn

Jørgen Horn med ei heading under eliteseriekampen mellom Viking og Aalesund på Viking stadion i oktober. Like før han sa opp kontrakta si med klubben.

Foto: Hansen, Alf Ove / Scanpix

Egil Østenstad

Sportsdirektør i Viking Egil Østenstad seier at dårleg oppførsel ikkje skal vera ein snarveg ut av ein fotballklubb.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

– Både ut frå overgangsreglementet og avtalane Viking har med Jørgen Horn meiner me at me har rettar i Horn, seier sportsdirektør i Viking Egil Østenstad.

Dette er ikkje fagforeininga NISO, som representerar Horn einige i, dei meiner at dersom Horn ikkje har arbeidsgjevar står han sjølv heilt fritt til å finna seg ein ny.

Turar på byen

Det var etter det blei kjend at Jørgen Horn for andre gong hamna i politiets arrest etter ein fuktig tur på byen, at forholdet mellom Horn og Viking nådde kokepunktet.

Saka blei løyst i oktober med at Jørgen Horn slutta i Viking, noko fotballklubben aksepterte.

Men nå som Horn er aktuell for FFK viser det seg at konflikten mellom den omstridde spelaren og Viking ikkje er ferdig.

Sjølv vil verken Horn eller agenten hans Tore Pedersen kommentera saka, dei viser berre til NISO.

– Ingen snarveg

– Me har diskutert dette med Viking og me ikkje er einige i saka, seier Joakim Walltin i NISO.

Dei meiner at Viking ikkje lenger har eit eigarforhold til Horn. Viking på si side poengterar at Jørgen horn ikkje fekk sparken, men at han sjølv sa opp.

– Me kan ikkje akseptera at klubbar mistar alle sine rettar på grunn av at folk vel å gjera ting som ikkje går saman med det å vera fotballspelarar. Og at dei så blir frie på marknaden, seier Østenstad.

Sportsdirektøren understrekar likevel at klubben ønskjer at Horn skal få spela fotball att så snart som råd.