Hopp til innhold

Vigrestadmann rana og banka opp

Ein mann frå Vigrestad blei kraftig banka opp og rana tidleg søndag morgon. Nokre timar seinare blei dei mistenkte tatt i ein bil i Stavanger – fleire mil unna.

E39 motorveien ved Schanckeholen, Stavanger

Politiet stansa bilen på E39 ved Schankeholen i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Den 20 år gamle mannen blei rana og skamslått i eit privathus på Vigrestad på Jæren tidleg søndag morgon. Politiet vil ikkje seie om det var i mannen sitt eige hus dette skjedde.

– Han var så medtatt at han måtte fraktast til akuttmottaket på universitetssjukehuset i Stavanger, fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Brit Randulff.

Ifølgje Randulff var mannen var vaken då ambulansen kom, men han var kraftig banka opp. Operasjonsleiaren stadfestar at mannen er kjent av politiet frå tidlegare.

Hadde fått tips om bil

Takka vere tips tok det ikkje så lang tid før politiet kunne stansa ein bil med personar dei trur kan stå bak ranet og valden. Det skjedde rundt klokka 10, på motorvegen ved Schankeholen, berre eit par kilometer frå Stavanger sentrum.

– Politiet hadde fått tips om at det var ranarane som sat i den bilen, og då slo me til like før bilen kom inn til sentrum, seier Randulff.

Dei som var om bord blei alle arresterte, mistenkte for å stå bak angrepet på mannen.

Blir etterforska vidare

Dei arresterte blei avhøyrde søndag føremiddag.

Operasjonsleiar Randulff seier at alt ikkje er klarlagt, og at det også er ein del informasjon som ikkje politiet vil ut med på grunn av etterforskinga.

– Men ser politiet nå på saka som nærast oppklart?

– Nei, det er ein del meir etterforsking å gjera unna. Men me er godt i gong, avsluttar Randulff.