Hopp til innhold

Vigdis kjempar for sin avdøde far, slik at andre skal sleppe

Pårørande og pasientar i heile landet er redde for å klage på kommunale helse- og omsorgstenester i frykt for konsekvensar. Vigdis Kvilhaug har valt å stå i kampen.

Vigdis Kvilhaug og permen med alle brevene

GIR SEG ALDRI: Vigdis Kvilhaug kjempa lenge for at far skulle få den hjelpa dei meinte han hadde krav på. Eit år etter at han døydde har ho ennå ikkje gitt seg.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Ho har sortert advokatbrev, rapportar og avslag frå kommunen i ein tjukk perm.

Når vi held på over så lang tid er det lett å miste tråden, seier Vigdis Kvilhaug.

Dokumenta er frå då dei gjorde alt dei kunne for at far hennar, John Georg Storesund, skulle få eit verdig helsetilbod den siste tida han hadde.

Men sjølv om han døydde for over eit år sidan kjempar ho vidare.

Faren var pleietrengande i mange år etter eit slag då han var 67 år gammal.

Han var delvis lam i eine sida etter hjerneslaget, hadde epilepsi og var delvis blind.

Kona hans, Ragnhild Storesund, var omsorgsperson, og avhengig av avlastinga ho fekk då ektemannen var på sjukeheim to veker i slengen før han kom heim i seks veker.

Den såkalla vekselplassen gav henne ein nødvendig pustepause.

Men etter pandemien blei tilbodet redusert. I staden for to veker på sjukeheim, skulle han nå berre få ei veke.

Kona hadde då stelt mannen sin i 22 år.

Følte seg pressa av kommunen

Men då dei klaga på den reduserte vekselplassen opplevde dei at kommunen ikkje lytta. Klagesaka gjekk etter kvart vidare til Statsforvaltaren i Rogaland.

– Vi prøvde å få avklaringar på ting vi hadde spørsmål rundt. Men vi opplevde at dei ikkje var villige til å lytte til pårørande, seier Kvilhaug.

To månader etter at dei klaga, dukka to personar frå helse- og omsorgstenesta opp umeldt heime hos foreldra. NRK har omtalt besøket tidlegare.

Dei var komne for å legge fram eit dagtilbod til ektemannen.

Han følte seg pressa til å seie ja, sjølv om Kvilhaug hadde takka nei på vegner av far sin same veka.

Det eldre ekteparet opplevde besøket som ubehageleg og invaderande.

Tør ikkje stå fram med namn

Klagesaker og forsøk på kommunikasjon har vore utfordrande å stå i, seier Kvilhaug. Då dei skulle klage på at vekselplassen blei redusert, kontakta dei difor advokat.

Advokaten Jan Henrik Høines fortel at historia til Kvilhaug ikkje er unik. Han seier mange sit på liknande historier dei ikkje torer å dela.

– Eg er bekymra for at det blir ein stor maktubalanse mellom hjelpeapparat og dei som får tenester. Særleg er eg bekymra for dei eldste brukarane, seier Høines.

Advokat Jan Henrik Høines på kontoret sitt

BEKYMRA: Advokat Jan Henrik Høines meiner det er ein uheldig maktubalanse mellom helse- og omsorgstenesta i kommunen og brukarane.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Han har advokatpraksisen sin på Karmøy og har hatt fleire klientar som ikkje orkar å ta kampen med helse- og omsorgstenesta i Karmøy kommune.

– Pårørande tar kontakt fortvila over at dei ikkje får den hjelpa dei har behov for. Dei vil ikkje bruke tida si på å klaga i den siste fasen av foreldra sine liv. Då prøver dei heller å få lagt til rette for å klare seg sjølv, og hoppar bukk over tenestene dei elles kunne fått, seier han.

Jannicke Bruvik

IKKJE UVANLEG: Jannicke Bruvik er nasjonal talsperson for Pasient- og brukarombodet. Redsel for å klage på kommunale vedtak er dessverre ikkje uvanlege, seier ho.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Også Pasient- og brukarombodet opplever at dette er vanskeleg.

– Vi har diverre ein del førespurnader kor pasientar verken ønsker å vise telefonnummeret sitt, oppgi namn eller kva for ein kommune dei ringer ifrå, fordi dei er redde det skal gå utover pasienten. Når redselen og skepsisen til kommunen er så stor er det jo klart eit problem, seier nasjonal talsperson Jannicke Bruvik.

Fastlegen bad dei sende bekymringsmelding

Jan Henrik Høines opplever også at det er lettare å nå fram til kommunen og få den hjelpa ein treng om ein er ressurssterk og snakkar det same språket.

Til dømes om ein sjølv har helsefagleg eller akademisk bakgrunn.

Saka til Kvilhaug og familien har blitt ei sak som både er ressurs- og tidkrevjande.

Då han hjelpte Kvilhaug og familien, sende Høines to klager til Karmøy kommune. I den første, klaga han på vegner av familien då faren fekk redusert vekselopphaldet sitt.

Dei fekk ikkje medhald.

Då sende familien bekymringsmelding til formannskapet i Karmøy kommune, etter oppmoding frå mor sin fastlege.

Ho vog då 35 kilo og trong sårt meir avlasting.

Vigdis Kvilhaug holder permen med alle brev og klager

ØNSKER TILSYN: Vigdis Kvilhaug vil klage kommunen sin inn til Statens helsetilsyn.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Kommunen kjente seg ikkje igjen

Storesund døydde i januar 2022.

Ein månad seinare sende advokaten den andre klagen til Karmøy kommune.

På heimebesøket.

Sjølv om han var død ville familien ha svar.

Men det skulle ta heile ni månader, fleire purringar frå advokaten og etter kvart pålegg frå Statsforvaltaren før det kom svar.

Dei beklaga den lange svartida i brevet.

Om heimebesøket skreiv dei at dei ikkje kjente seg igjen i at dei hadde pressa Storesund. Det var heller ikkje intensjonen.

Nora Olsen-Sund, nærbilde

HELSE- OG OMSORGSSJEF: Nora Olsen- Sund.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Helse- og omsorgssjef i Karmøy kommune, Nora Olsen-Sund, skriv i ein e-post til NRK at dei alltid er opne for tilsyn for å betra si verksemd. Ho synest det er trist å høyre at brukarane opplever det som vanskeleg å klage og ønsker å gjere dette smidigare blant anna gjennom ein pårørandeundersøking som skal gi innspel til forbetringar.

Om advokaten si oppleving om at det er lettare for ressurssterke å nå fram, kommenterer ho at dette er ukjent for kommunen.

Det er brukaren sine behov som er avgjerande for den hjelpa som blir gitt. Ikkje kor høgt eller reflektert pårørande legg fram si sak, seier ho.

Skal kontakta Helsetilsynet

Det er over eit år sidan Kvilhaug mista far sin. No skal ho klage kommunen sin inn til Helsetilsynet. Ho meiner nokon må undersøke rutinane nærare.

– Målet vårt er å få på plass eit tilsyn som går frå botnen til toppen. Frå dei som jobbar på golvet og heilt opp til leiinga i Karmøy kommune innanfor helse og omsorg, seier Vigdis Kvilhaug.

Ho gjer det både for far sin del, men også andre eldre.

– Eg kjenner at eg har begynt å brenne for dei gamle som sit heime og er redde for at dei ikkje får nok oppfølging, seier ho.

Flere nyheter fra Rogaland