NRK Meny
Normal

Videoblogg på NRK

NRK Rogaland stiller med fem videobloggarar i denne valgkampen.    Tre unge og to godt vaksne skal seie kva dei meiner om valgkampen. 

 

Marianne Tjomsland fra Storhaug i Stavanger

Marianne Tjomsland fra Storhaug i Stavanger

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

NRK Rogaland legg seg ikkje opp i kva dei seier, så lenge det er innanfor norsk lov. 

Møt Marianne Tjomsland, 19 år frå Storhaug i Stavanger.  Ho går siste år på idrettslinja på vidaregåande skule.

Her ser du Mariannes første videoblogg

 

Morten Knutsen fra Rekefjord i Sokndal

Morten Knutsen fra Rekefjord i Sokndal

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Morten Knutsen er frå Rekefjord i Sokndal.  Han er tidlegare eigar av Dalane Vask og Rens.  Nå er han livsnytar og sterk meiningsberar i kommunen.  

Robert Williams, Østhusvik i Rennesøy

Robert Williams, Østhusvik i Rennesøy

Robert Williams er opphaveleg frå USA. Nå er han norsk statsborgar og jobbar som geolog i Oljedirektoratet i Stavanger.  Han har med seg folk frå byggefeltet der han bur på Østhusvik i Rennesøy. 

 

Gunnar Størseth Haar og Ken Martin Wigand

Gunnar Størseth Haarr og Ken Martin Wigand

Foto: NRK

 

Gunnar Størseth Haarr er frå Vigrestad, men bur nå i Sandnes.  Ken Martin Wigand er frå Egersund.  Dei er førstegangsveljarar og går på Time vidaregåande skule. Der er dei  mediestudentar og har litt av kvart å by på.

Se Gunnar og Ken Martins første videoblogg

Valgkampen sett frå Rogaland

Dei fire videobloggarane kjem du til å sjå på tv i valgsendingane mellom 20.45 og 20.55 kvar dag frå mandag til torsdag.  Dei sendingane byrjar mandag den 20. august.

Du kan også få dei med deg på nettet, nrk.no/rogaland og du kan høyre dei på radio i Lokalen.

Og på Torget, Rogaland  skriver politikere hva de mener. Du kan også bidra med egne meninger og spørsmål.