NRK Meny
Normal

Snapchat er blitt ein del av kvardagen for Victor og Åshild

– Ein tenkjer gjerne at «snapchat – det er trygt, biletet kjem ingen andre stader». Men at det er hacka er skumle greier. Då tenkjer du deg om.

Victor Rørtveit og Åshild Eikemo Lundh

«SNAPPAR» OFTE: Victor Rørtveit og Åshild Eikemo Lundh brukar snapchat kvar einaste dag.

Foto: privat/snapchat

Åshild Eikemo Lundh og Victor Rørtveit er begge elevar ved Vardafjell vidaregåande skole i Haugesund, og aktive brukarar av snapchat.

– Det er blitt ein dagleg ting eg gjer heile tida, seier Eikemo Lundh, og Rørtveit er samd i det.

Fredag vart det kjent at 200.000 snapchat-bilete skal vera på avvege. Det er ikkje snapchat som er hacka, men eit program som gjer det mogleg å lagra bilete som er sendt med appen.

Mange av bileta er både svært intime og av unge menneske frå både Danmark og Noreg.

Bilde av snapchat-ikonet på en mobil
Foto: LIONEL BONAVENTURE / Afp

– Skummelt

– Ein blir litt paranoid. Det burde vore meir tryggleik rundt det. Andre stader, til dømes på Facebook og Instagram, må ein vera meir sikker på kva ein legg ut, seier Rørtveit.

– Og de held kleda på?

– Ja, sjølvsagt! Det er skumle greier kva som kan skje med bileta, og så har det med verdigheit å gjera også, seier Eikemo Lundh.

– Kleda blir på! Eller, kanskje det blir litt i bar overkropp av og til, men det er ikkje så gale, flirer Rørtveit.

NRK har fått tilgang til deler av ein database med bilete av avkledde norske jenter i tidleg tenåringsalder og oppover. Bileta kjem både frå delingstenesta Snapchat og private bilete lasta opp på nettskya iCloud.

Nettverket består av fleire hundre norske gutar og menn som stel og deler desse nakenbileta. Dei samarbeider også for å få identifisert jentene på bileta.

– Foreldre har ansvar

Snapchat
Foto: Daniel Eriksen / NRK

– Ein tenkjer gjerne at "snapchat – det er trygt, biletet kjem ingen andre stader". Men at det er hacka og bileta kjem på avvege er skumle greier. Då tenkjer du deg om, seier Eikemo Lundh.

– Har foreldre eit ansvar med å læra opp borna sine om sosiale medium?

– Ja, for så vidt har dei det. Men dei kan ikkje berre seia at «no får du ikkje lov å vera på snapchat», det handlar om å forstå det, for det er verkelegheita vår. Snapchat er ein del av kvardagen vår, og det er viktig at foreldra er bevisste på det, seier Eikemo Lundh.

– Snapchat er fantastisk

Foreldre kjøper vaksenspel til barna

BARNEVAKTEN: Kjellaug Tonheim Tønnesen gir råd om born og nettvett.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ungdomen får støtte av Kjellaug Tonheim Tønnesen i Barnevakten, ein organisasjon som gir råd om born og medium.

– Om foreldra gir borna sine utstyr som mobiltelefon og slikt, då må det også følgjast opp. Dei må læra dei nettvett og å setja smarte rammer rundt eigen åtferd på nett og mobil, seier ho.

Ho fortel at foreldra må vera til stades og syne interesse for mediebruken til borna.

– Dei må spørje ungdomane og vera positivt interessert og sjå det positive i det. Snapchat er ein fantastisk måte å kommunisera uformelt på: Det er der mange avtalar blir gjort, det blir sendt små kvardagslege helsingar til kvarandre og ein seier god natt og slike ting.

– Dei som brukar snapchat må setja grenser for seg sjølv for kva ein deler. Intime og private bilete høyrer kanskje ikkje heime på snapchat om ein er redd for at ting hamnar på avvege, seier Tonheim Tønnesen.