Hopp til innhold

VG: – Tom Tvedt blir ny idrettspresident

Ifølgje VG-kommentator Truls Dæhlie er det ikkje tvil: Tom Tvedt blir ny idrettspresident i Noreg.

Tom Tvedt på Solamøtet 2015

NY IDRETTSPRESIDENT? VG er i alle fall sikker på at Tom Tvedt blir ny idrettspresident i juni.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Måndag ettermiddag skriv den anerkjende kommentatoren at arbeidarpartipolitikaren frå Randaberg kjem til å få vervet som idrettspresident til sommaren.

Sidan Børre Rognlien annonserte at han ikkje kom til å stilla til attval i fjor haust, har det vore ein open kamp om presidentstolen. Men VG meiner at den kampen no er over, og at Tvedt står att som vinnar.

– Når valkomiteen kjem med si innstilling, er det Tom Tvedt som står øvst på arket, skriv Dæhlie.

Aftenposten har snakka med Tove Paule, leiar i Idrettsforbundets valkomité, men ho vil ikkje kommentera det VG skriv. Men ho seier at dei er nære å velja ein kandidat.

– Den 14. april skal heile valkomiteen samlast, og me kjem til å legga heile kabalen. Den 20. april vil me halda ein pressekonferanse, seier ho til avisa.

Tom Tvedt har bakgrunn som både politikar, landslagsspelar i handball og styremedlem i Noregs Idrettsforbund og Noregs Olympiske og Paralympiske komité. Frå 1999 til 2007 var han ordførar i Randaberg, og fylkesordførar i Rogaland frå 2007 til 2011. No er han gruppeleiar på fylkestinget for Arbeidarpartiet. Som handballspelar fekk han 23 landskampar i perioden 1990 til 1992.