NRK Meny
Normal

–Kjempekjekt!

Musikk, solskin og super stemning då VG-lista besøkte Stavanger.

VG-lista

Utanfor konserthuset var det trangt på første rekke.

Foto: Leo Kramer

– Stavanger har kan hende det beste publikummet du kan gå til. Folk hylte og eg hadde det heilt magisk der oppe!

Artist Chris Holsten var første mann på scenen under VG-lista konserten i Stavanger, og er strålande nøgd med mottakinga.

Chris Holsten

Chris Holsten koste seg med publikummet i Stavanger.

Foto: Leo Kramer

Rundt 10000 publikumarar møtte opp for å sjå blant anna Holsten, Marius Samuelsen, The Main Level, Paperboys og Julie Bergan framføra sine største hitar.

– Kjempekjekt!

VG-lista

Mathilde Nerheim og Noor Bellemakersein kom heilt frå Suldal for showet.

Foto: Leo Kramer

– Det var verdt å ta turen heilt frå Suldal! Alle artistane var bra, forkynner Mathilde Nerheim og Noor Bellemakersen som har reist langvegsfrå med venninnegjengen for å få med seg showet.

– Kvelden har vore heilt strålande!

VG-lista

Julie (7) gleda seg mest til å høyre Katastrofe.

Foto: Leo Kramer

Vesle Julie på sju og faren Jon Valde fann òg vegen til konsertområdet, og Julie gleda seg særleg til å sjå Katastrofe.

– Det er fint at dei kjem til Stavanger. her er det veldig bra stemning, konkluderer jon, med ei nikkande Julie på armen.