Hopp til innhold

Vestlendingar droppar båtliv i nedgangstider

Før var det knalltøff kamp om båtplassane i vestlandske småbåthamner. Nedgangstidene gjer at folk prioriterer heilt andre ting enn båtliv, ifølge Kongelig Norsk Båtforbund.

Båtliv i Skjærgården

Fleire båtforeiningar i Rogaland melder om færre på venteliste for båtplass. Ifølge båtbransjeforbundet Norboat er det også tøffare tider for dei som sel fritidsbåtar på Vestlandet.

Foto: Bendiksby / SCANPIX

Det er lite som innbyr til båtliv når regnbyene slår på vindauga til Ryggstranden båtforeining sine lokale i Randaberg ein mørk ettermiddag i januar.

Dei er blant båtforeiningane som merkar nedgangstidene i Rogaland. For eit par år sidan stod 200 personar på venteliste for å få båtplass her, i dag er talet nede i litt over 60.

– I dag må me gjerne ringa to-tre personar som står på venteliste kvar gong me skal tildela ein båtplass. Slik var det ikkje før, fortel hamnesjef Inge Fister.

– Kva trur du grunnane er til det?

– Det er ein vanskelegare økonomisk situasjon for folk, og dei prioriterer gjerne andre ting enn båt.

Han påpeikar at potensiell tredobbel årsavgift for båtfolket som følgje av auka leigeutgifter til kommunen, også kan ha hatt ein effekt den siste tida.

Inge Fister

Hamnesjef hos Ryggstranden båtforeining, Inge Fister.

Foto: Magnus Stokka

Nedgang både i Rogaland og Hordaland

NRK har vore i kontakt med fleire andre båtforeiningar i Stavanger-området som melder det same: Mindre interesse og færre på ventelistene for båtplass. Det i ein region der ventetida før kunne vera 10 år i dei mest populære hamnene.

Kongelig Norsk Båtforbund melder om nedgang i ventelistene for båtplassar både i Rogaland og Hordaland.

– Eg trur det skuldast dei økonomiske tidene. I tillegg opplever me at fleire eldre sluttar med båtlivet og heller tek til med andre aktivitetar, seier president i båtforbundet, Egil Olsen.

Helge Kleppa

Helge Kleppa, driftsleiar Lundsvågen båtforeining.

Foto: Magnus Stokka

Framleis lang ventetid

Men færre på ventelistene for båtplass kan ha sine positive sider også, påpeikar driftsleiar Helge Kleppa i Lundsvågen båtforeining. Dei har gått frå 250 til om lag 40 på ventelistene.

– Tidlegare var det nesten umogleg å få båtplass her i området, men det har jo endra seg nå.

Likevel kan det framleis vera årelang ventetid for å få båtplass fleire plassar, ifølge båtforeiningane.

Ei av landets størte småbåthamner, Hillevågsvatnet i Stavanger, opplever at færre takkar ja til båtplass når dei får tilbod. Men der held folk fram med å stå på venteliste for å ikkje mista ansiennitet, og ventetida for å få båtplass er framleis lik som før.

Egil Olsen

President i Kongelig Norsk Båtforbund, Egil Olsen.

Foto: Magnus Stokka

Også dårlegare båtsal

Ifølge båtbransjeforbundet Norboat er det også tøffare tider for dei som sel fritidsbåtar på Vestlandet, trass i at salet auka på landsbasis i fjor.

Men sjølv om det er skjær i sjøen for båtinteressa på Vestlandet, er hamnesjef Inge Fister i Randaberg blant dei som håpar folk ikkje legg inn årene for godt.

– Eg trur det er viktig å prioritera litt båtliv. Du kan lett komma deg ut til holmar og skjær og mange fine plassar. Og eg trur ungdommen som veks opp i dag har behov for å læra om sjøliv og det som følgjer med det.