NRK Meny
Normal

Vestlandsfylka står samla i vegkamp

Med å dela ut t-skjorter og slå av ein prat med bilistar i ferjekø, aksjonerte fylkesordførarane i vestlandsfylka i dag. Dei vil ha ferjefri kyststamveg frå Kristiansand til Trondheim innan 15 år.

Fylkesordførarane på vestlandet

I regn aksjonerte fylkesordførarane på Mortavika ferjekai. F.v. Nils R Sandal (Sogn og fjordane), Tom Tvedt (Rogaland), Toril S Nyborg (Hordaland) og Olav Bratland (Møre og Romsdal).

Foto: Czaplicki, Zbigniew / NRK

«Ferjefri E39» er slagordet til det ambisiøse prosjektet, som fylkesordførarane reknar med vil ha ein prislapp på omlag 100 milliardar kroner.

Innan 2025 vil dei ha erstatta åtte ferjestrekk med veg. Med dagens aksjon ville fylkesordførarane visa regjeringa, som er i gang med ny nasjonal transportplan, at eit samla Vestland ønskjer seg ein ferjefri kyststamveg.

– Me er villige til å gå inn med bompengar, så alt me ber om er at staten skal gjera vedtak, slik at me saman med dei kan gå i gang med å byggja veg, seier fylkesordførar i Rogaland Tom Tvedt til NRK.no.

Sjå fjernsynssaka her:

Video Vil ha det fergefritt

Like konkurransevilkår

– Det vil letta transporten. Me slepp å venta på ferjer og mykje av køen vil forsvinna, seier ein yrkessjåfør på Mortavika som gladeleg tar imot ei t-skjorte frå Tom Tvedt.

Og det er også eit av hovudpoenga bak prosjektet, at nyttetransporten skal gå betre, seier Tvedt:

– Me vil ha like konkurransevilkår som resten av Norge, og resten av Europa, og det får me ikkje utan denne vegen.

Toril S Nyborg som er fylkesordførar i Hordaland, deler synet, og lar seg heller ikkje skremma av at prosjektet i stor grad skal bli finansiert av bompengar.

– Det er heilt nødvendig for næringslivet og busetnaden langs kysten, seier ho.

Ferjefri E39

Det er mange fjordar på Vestlandet som E39 må kryssa om «Vestfast» skal bli ein realitet.

Foto: Frå presentasjonen til fylkeskommunane

2025 realistisk mål

Vegprosjektet, som har fått namn Vestfast skal etter planen stå klar i 2025.

– 2025 er eit mål som me kan få til, og som me står samla bak, seier Tvedt.

Kva meiner du om å få ein ferjefri stamkystveg på Vestlandet? Sei meininga di!