NRK Meny
Normal

Høgmo trur på ketsjup-effekt mot Italia

Veslebror til landslagstrenar Per-Mathias Høgmo trur at det endeleg vil løysna for Norge i kveldens EM-kvalifiseringskamp. Her er råda han har gitt storebror sin før Italia-kampen.

Jørgen Høgmo

Jørgen Høgmo trenar fjerdedivisjonslaget Voll på Jæren, men storebror og landslagstrenar Per Mathias lyttar likevel på tipsa hans.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Per-Mathis Høgmo

Per-Mathias Høgmo før landslagskampen i kveld.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Jørgen Høgmo bur i Klepp kommune og er trenar for fotballaget Voll, som spelar i fjerde divisjon. Sjølv om Voll slit på nedre halvdel av tabellen, opplever ikkje Jørgen på langt nær det same presset som storebror og landslagstrenar Per-Mathias Høgmo.

For i kveld møter Norge Italia i den første kvalifiseringskampen mot EM i 2016. Trass dei dårlege resultata, med Høgmo i førarsete, har veslebroren likevel god tru på han før den viktige kampen.

– Eg trur på ein skikkeleg ketsjup-effekt i kveld. Eg trur Norge slår Italia 3–0 på eit fullsett Ullevaal, seier han i eit intervju med NRK Rogaland i dag tidleg.

– Har du gitt han råd før dagens kamp?

– Om ikkje råd, så plar me ofte snakka saman om fotball. Nå handlar det om å stå i det utviklingsløpet dei har hatt, med at dei torer å halda litt på ballen og at dei offensivt får bruka dei kvalitetane som me veit dei norske spelarane har i seg, seier Høgmo den yngre.

– Høyrer han på tips frå deg?

– Eit av suksesskriteria til broderen er at han ikkje sitt på alle svara sjølv, men er nysgjerrig og bryner seg på andre sine meiningar og er lyttande. Han høyrer også på meg når me diskuterer fotball, svarer han.

Ville få inn meir defensiv struktur

Dei har begge fått fotballinteressa frå far deira som i si tid spelte på Skøelv i Sørreisa kommune og i KFUM Oslo då han studerte. Jørgen fortel at han har stor respekt for storebroren som har klart å bli trenar for landslaget.

– Per Mathias har jobba med fotball lenge nå, og det har vore ein lang veg å gå fram til landslaget. All respekt til broderen for det, seier han.

Han seier at etter Norge har spelt kampar plar dei ofte diskutera litt i etterkant.

– Det var veldig interessant etter England-kampen å høyra kva han tenkte med å køyra fem mann på midtbanen og meir defensiv struktur, og det handla om å få inn litt meir defensive kvalitetar inn mot Italia kampen, seier han.

Kvifor Jørgen trur på suksess i kveld forklarar han slik:

– Det er eit ungt lag og det er begeistring, sjølv om ikkje resultata har vore så bra. Folk ser at ein prøver på gode ting med gode spelartypar. Derfor trur eg at det i dag blir fullsett Ullevaal stadion og folk gler seg til kampen, seier han.

Sjølv skal han rigga seg godt til i godstolen på Klepp og kjenna på kriblingane i magen før kampen.

Alle gruppene i kvalifiseringa

Gruppe A: Nederland, Kasakhstan, Island, Latvia, Tyrkia, Tsjekkia
Gruppe B: Bosnia-Hercegovina, Andorra, Kypros, Wales, Israel, Belgia
Gruppe C: Spania, Luxembourg, Makedonia, Hviterussland, Slovakia, Ukraina
Gruppe D: Tyskland, Gibraltar, Georgia, Skottland, Polen
Gruppe E: England, San Marino, Litauen, Estland, Slovenia, Sveits
Gruppe F: Hellas, Færøyene, Nord-Irland, Finland, Romania, Ungarn
Gruppe G: Russland, Liechtenstein, Moldova, Montenegro, Østerrike, Sverige
Gruppe H: Italia, Malta, Aserbajdjan, Bulgaria, Norge, Kroatia
Gruppe I: Portugal, Albania, Armenia, Serbia, Danmark